Ho har rett. Men likevel har eg ikkje noko å skrive om?
Eg skriv berre når eg har dårleg samvit. Det har eg ikkje no.
Jo, forresten! Eg har dårleg samvit for noko:) Då vert det blogging likevel.
Eg burde skrive vidare på engelskinnleveringa mi.
Og eg burde starta for to timar sidan. Eg har berre eitt problem: eg har byrja å høyre "Twilight" på lydbok.
Eg er ikkje særleg begeistra for filmen, men veit kor mykje betre bøker vanlegvis er, så eg ville gi han ein sjanse, opensinna som eg er, og ignorerer idiotiske, hysteriske fjortisjenter som ELSKER Robert Pattinson over alt på jord. Han er forresten ikkje særleg pen. Ikkje i det heile tatt faktisk. I filmen er han særs attraktiv fordi han er badass, men det stoppar der.
Uansett. Boka er utruleg kjekk. Eg er hekta og har som sagt sløst vekk to timar på å sitje og høyre på det, i staden for å greie ut om William Goldings beskriving av og eksempel på galskap i "Lord of the Flies".
AKkja. Kvar har eg gjort av viljestyrka mi?
I går køyrde eg til Haugesund på juleshopping med dei to gamle.
Eg skulle få trene meg i bykøyring. Det gjekk smertefritt. Bortsett frå den eine gongen eg nesten kræsja i ein bil i ei rundkjøring. Haha. Men med mine lynraske refleksar fekk eg avverga ulukka.
Ut over det, har eg "sløst" vekk store delar av lønna mi på julegåver.
Eg vert alltid så spandabel når eg handlar julepresangar, og finn alltid meir og meir, så det vert nok ikkje mykje sparing denne mnd, sjølv om eg hadde håpa på det.
Pluss at eg brukte alt for mykje penger på skjønheitsprodukt. Eg fattar ikkje kva som går av meg.
Dei einaste tinga eg kjøpte til meg sjølv var sånne overfladiske, unaudsynte ting. Hehe. Men gud, kor gøy.
Eg har kjøpt knallraud leppestift som kan matche dei fine neglene mine no. Ser smashing ut sidan eg er vinterfarga no.
Vurderer seriøst å legge om stilen til sånn 60-tals diva.
Eg må innrømme at det er fascinerande. Knallraude lepper, lys hud, kraftige augebryk og maskara. Me like (Y)Sjå dét, der var bloggen min forvandla til ein rosablogg. Så enkelt, og så tragisk.
Kan jo vege opp for med med å seie at på torsdag dreg eg, Carina og Hallvard til København (via Oslo på fredag), for å vere med på klimamarsjen.

Guuud, kor eg gledar meg:D
Sjølv om det óg vart dyrare enn antatt, kjem eg ikkje til å angre. Eg får vere med på århundrets happening!
Det kjem folk frå heila verda for å gå i tog og demonstrere, medan dei mektigaste herskarane på jorda er samla på éin plass.
Eg gler meg til å kunne seie "åh, dét, ja. Der var eg.", sånn passe henslengt.
Barack Obama prøvde så godt han kunne å unngå meg, men no ser det ut til at han kjem til Oslo på fredag. Og då skal me vente der heilt fram til kl. 16.00, så det er ein liten sjans til at me får med oss litt av oppstyret rundt ankomsten.
Det hadde vore festleg.
No må eg høyre litt Twilight igjen. :D
Og elles gledar eg meg til jul!
Yaaay.
Små barn, store gleder. :)
Eg har pakkekalender<3 og me skal bake julekaker i morgon. Og tenne lys.
Og eg har fiksa masse pakkar. Og eg gleeeer meg.
Julemusikk.
Yay:D
Jula mi er den beste i heile verda<3 Den er den einaste tingen eg er konservativ og IKKJE open for endringar.
Tradisjon<3
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar