lørdag 5. desember 2009

Åshild seier: "Oppdater bloggen din!"

Ho har rett. Men likevel har eg ikkje noko å skrive om?
Eg skriv berre når eg har dårleg samvit. Det har eg ikkje no.

Jo, forresten! Eg har dårleg samvit for noko:) Då vert det blogging likevel.
Eg burde skrive vidare på engelskinnleveringa mi.
Og eg burde starta for to timar sidan. Eg har berre eitt problem: eg har byrja å høyre "Twilight" på lydbok.
Eg er ikkje særleg begeistra for filmen, men veit kor mykje betre bøker vanlegvis er, så eg ville gi han ein sjanse, opensinna som eg er, og ignorerer idiotiske, hysteriske fjortisjenter som ELSKER Robert Pattinson over alt på jord. Han er forresten ikkje særleg pen. Ikkje i det heile tatt faktisk. I filmen er han særs attraktiv fordi han er badass, men det stoppar der.
Uansett. Boka er utruleg kjekk. Eg er hekta og har som sagt sløst vekk to timar på å sitje og høyre på det, i staden for å greie ut om William Goldings beskriving av og eksempel på galskap i "Lord of the Flies".
AKkja. Kvar har eg gjort av viljestyrka mi?

I går køyrde eg til Haugesund på juleshopping med dei to gamle.
Eg skulle få trene meg i bykøyring. Det gjekk smertefritt. Bortsett frå den eine gongen eg nesten kræsja i ein bil i ei rundkjøring. Haha. Men med mine lynraske refleksar fekk eg avverga ulukka.
Ut over det, har eg "sløst" vekk store delar av lønna mi på julegåver.
Eg vert alltid så spandabel når eg handlar julepresangar, og finn alltid meir og meir, så det vert nok ikkje mykje sparing denne mnd, sjølv om eg hadde håpa på det.
Pluss at eg brukte alt for mykje penger på skjønheitsprodukt. Eg fattar ikkje kva som går av meg.
Dei einaste tinga eg kjøpte til meg sjølv var sånne overfladiske, unaudsynte ting. Hehe. Men gud, kor gøy.
Eg har kjøpt knallraud leppestift som kan matche dei fine neglene mine no. Ser smashing ut sidan eg er vinterfarga no.
Vurderer seriøst å legge om stilen til sånn 60-tals diva.
Eg må innrømme at det er fascinerande. Knallraude lepper, lys hud, kraftige augebryk og maskara. Me like (Y)

Sjå dét, der var bloggen min forvandla til ein rosablogg. Så enkelt, og så tragisk.

Kan jo vege opp for med med å seie at på torsdag dreg eg, Carina og Hallvard til København (via Oslo på fredag), for å vere med på klimamarsjen.
Guuud, kor eg gledar meg:D
Sjølv om det óg vart dyrare enn antatt, kjem eg ikkje til å angre. Eg får vere med på århundrets happening!
Det kjem folk frå heila verda for å gå i tog og demonstrere, medan dei mektigaste herskarane på jorda er samla på éin plass.
Eg gler meg til å kunne seie "åh, dét, ja. Der var eg.", sånn passe henslengt.





Barack Obama prøvde så godt han kunne å unngå meg, men no ser det ut til at han kjem til Oslo på fredag. Og då skal me vente der heilt fram til kl. 16.00, så det er ein liten sjans til at me får med oss litt av oppstyret rundt ankomsten.
Det hadde vore festleg.

No må eg høyre litt Twilight igjen. :D

Og elles gledar eg meg til jul!
Yaaay.
Små barn, store gleder. :)
Eg har pakkekalender<3 og me skal bake julekaker i morgon. Og tenne lys.
Og eg har fiksa masse pakkar. Og eg gleeeer meg.
Julemusikk.
Yay:D

Jula mi er den beste i heile verda<3 Den er den einaste tingen eg er konservativ og IKKJE open for endringar.
Tradisjon<3

mandag 9. november 2009

Kvardagshelt

Min kvardagshelt numero uno.

Eg har funne ut at dette vert noko eg skriv når eg har svært dårleg samvit.
Jaja, det er vel like greit. Fin måte å seie unnskuld på, I guess? (A)

Hallvard Sømme Hotvedt.

Me klaffa perfekt første gong me møttest, og det var på konfirmasjonsleir i 9. klasse.
Eg var fan heilt sidan han sa "eg er Hitlers våte draum". Hallvard er som kjend svært brun og mørk. (:

HALLVARD:
-er den einaste i verda som alltid skjønar kva eg meinar
Eg veit ikkje kva eg skulle gjort utan. Til og med når eg seier heilt feil, forstår han alltid. Før visste eg ikkje korleis, men no har eg funne ut at det er fordi me har så like hjerner at me berre treng tenkje høgt, så høyrer den andre det.
-Har fantastisk god humor.
Eg trur Hallvard er den personen i heile verda som har akkurat samme, merkelege sans for humor som meg. Eg har aldri møtt nokon liknande. Det er dagens høgdepunkt i timane når nokon seier noko som berre me to ser er morosamt. Det er så intern humor at ingen skjønar det når me forklarar. Det gjer det berre endå betre:D Anklag det for å vera nerde-humor, men det finst ikkje morosamare ting enn skrivefeil og bilete av teite dyr.
Hallvard, me er kulast.
-Er kjekk i dress!

He he. Hallvard er vel ikkje kjend for å vere ein moteguru av dei større (heller berykta for å vere joggebuksemann...), men når han av og til kler seg fint, kunne han glidd rett inn i ein Dressmann-reklame.
-ALTFOR god i matte. Og i alle andre fag.
Tru meg. Det er ein pest og ein plage, men eg må beundre han. Han kan sitje og sove, opne auga og løyse problemet med ein setning, og så sovne att.
-Morosam uansett. Syns eg.
Uansett når eller kvar, så får han meg til å le. Han kan vere den einaste som får meg i godt humør att dersom eg er nedfor, fordi han veit akkurat kva som må til for å få meg til å smile.
-Har alltid boxeren synleg..
Hehe. Veit ikkje om det er eit kompliment, men er eit kjenneteikn. ? :)
-Står på sitt og gir seg aldri. Ikkje ein gong etter at han er motbevist.
Evige diskusjonar i timane. Og ellers. Nytter ikkje å slenge beviset i fjeset på han. Er det imot hans påstand, er det berre feil i beviset.
-Er skremmande god i sport med tanke på at han stort sett aldri trenar.
Hallvard likar å bruke tida si på å sitje på dataen eller og sjå på TV, og er vel eigentleg den som er best i klassen i gym, samanlagt (om ein tek bort kondisjon).
Han sveittar berre han ser ein gymsko, men kan likevel ALT.
-Gir ikkje opp.
Kan, sjølv om han aldri trenar, ta seg hardt saman og springe førti rundar på bane pga veddemål. Creds.
-Er verdsmeister i kosing(:
Det er fantastisk å sjå film med Hallvard. Han kosar på ein sånn måte at filmen vert mykje betre.
-Er mann.
HE HE. Ikkje dersom ein går etter skjeggvekst akkurat. Men frå spøk til alvor. Hallvard er mykje tøffare enn han gir uttrykk for og taklar ting på ein betre måte enn dei fleste som trur dei er tøffe.
-Er trufast.
Uansett kva eg gjer, så stiller han alltid opp. Eg kan vere sur og tverr, eller såre han, men han er der likevel for å trøyste meg.
Eg fattar ikkje korleis han greier det, men eg veit han alltid vil stille opp for meg, sjølv når eg trur eg ikkje vil det.
-Er underhaldande
Det er umogleg å keie seg med Hallvard. Sjølv når me keiar oss, vert det gøy fordi me keiar oss i lag. Ingen kan ha så dumme og usamanhengande, men likevel så kjekke og givande samtalar på MSN som oss to.
-Er s_ø_t.
Hallvard er ein av moglegvis tre personar i verda som kan gi meg gåver som gjør meg fullstendig lukkeleg berre fordi det er ein filleting eg har ønska meg, men som berre me to forstår gjer meg glad.
Og han lagar taco til meg når eg er svolten.
Og han hentar meg uansett kvar i verda eg er.
Og han er alltid snill og omtenksom og best.

Det er ikkje vits å fortsette lista, for det vil verte altfor mykje internt som berre han forstår, så det tek me ein annan gong.

Hallvard, du er sjeldan.


















He he:D



Eg trur ikkje eg er flink til å vise det, men du anar ikkje kor stor pris eg set på deg.
Du er den eg sakna mest når eg var borte i fjor, og eg er lukkeleg over at me holdt kontakten, og at me blei endå betre vener når eg kom heim att.

Du er den beste veninna mi<3

"Sanne venner har sjelen felles"
-Aristoteles

Det tvilar eg ikkje på ein gong. Har aldri opplevd nokon annan eg har det slik med. Kjem nok ikkje til å møte dei heller.

Difor håpar eg me alltid kjem til å halde saman! -Sammen er vi DYNAMITT!
Me er så altfor kule. :D



"Alle bør ha en passe stor kirkegård der de kan begrave sine venners feil" -Henry Ward Beecher.

(Du veit eg er fan av sitat. Eg har den der boka om venskap Linda gav meg, her^^)


Du och jag, Alfred. Du och jag.

<3 style="font-style: italic;">

I don't know if I can yell any louder
How many time I've kicked you outta here?
Or said something insulting?
Da da da, da da

I can be so mean when I wanna be
I am capable of really anything
I can cut you into pieces
But my heart is broken
Da da da, da da

Please don't leave me
Please don't leave me
I always say how I don't need you
But it's always gonna come right back to this
Please, don't leave me

How did I become so obnoxious?
What is it with you that makes me act like this?
I've never been this nasty
Da da da, da da

Can't you tell that this is all just a contest?
The one that wins will be the one that hits the hardest
But baby I don't mean it
I mean it, I promise
Da da da, da da

Please don't leave me
Oh please don't leave me
I always say how I don't need you
But it's always gonna come right back to this
Please, don't leave me

I forgot to say out loud how beautiful you really are to me
I cannot be without, you're my perfect little punching bag
And I need you, I'm sorry
Da da da, da da

Vit at uansett kva som hender, kan du stole på meg, og vite at eg støttar deg.
Eg symjar til Brasil for deg utan å stanse.



søndag 8. november 2009

Tanketank

Tja, tida fyk, og eg bevarar statusen min som tidenes dårlegaste bloggar.

Blogging er ikkje noko for meg trur eg. Eg har alt for mykje anna å ta meg til, og det tek for lang tid å drive med.
No har eg derimot ingenting å ta meg til, det er søndag og dagen derpå etter dobbel 18-årsdag på Sand, og sentimentaliteten tek meg.

Etter ei feiring så ga gjenlyd i veggane på Tunet på Sand, våkna me opp hos Elisa etter tre timars søvn til kald pizza og hyggjelege foreldre som stellde i stand ild i peisen og sunn snakcs medan me oppmuntra oss med MLIA.

Irene vart med meg heim, og eg fekk slå meg laus med frisørsaksa! Ingen kjem til å merke skilnaden.

Fredag til laurdag var min kjære syster m/ fam på besøk.
Med familie. Skummelt. Ho er jo syster mi!
Og verre skal det bli! Ho er gravid igjen.
Endeleg(: Eg har fobi mot bortskjemde ungar, og min einaste niese er ganske høgt oppe på skalaen, som første barnebarn på begge sider.


På måndag var me på Schizofrenidag i Stavanger med klassen. Meget interessant:)
Etter å høyre Per Inge Torkelsen (KUUUUULT menneske), har eg bestemd meg for å gi fleir kompliment kvar dag:) Bry meg litt meir, og ta kontakt med venner oftare.
Det er så kos:)
Når eg sist veke hadde eit anfall av hausttristhet og kjende meg eine og aleine i ei kald verd, var det jo berre min egen feil! Eg har ein stygg tendens til å berre forvente at alle skal kome til meg, men straks eg sjølv tar initiativet til noko, ser eg kor mange kjekke folk eg kjenner.

Forresten skal eg ringe Linda i morgon<3

hev du ein ven
som vel du trur,
far då og finn han tidt;
for med ris gror til
og med høgt gras
ein veg der ingen vankar.


No skal eg sove! Og ta igjen 8 timar med søvn som eg brukte på å gjenfortelje Harry Potter til Hallvard i natt.

fredag 28. august 2009

Lærte me ingenting for 70 år sidan?

Eg kom over ein artikkel på dagbladet.no.

Representanten frå Norgespatriotene fekk kutt i panna etter å ha fått ein gjenstand kasta mot seg. Svært useriøst av angriparane, tenkte eg først. Deretter tok eg ein titt på heimesida til desse såkalla "Norgespatriotene".

Eg vart overraska over at dei i det heile tatt får støtte nok til å samle seg i fylkeslag. Det er snakk om "Norge for etniske nordmenn" og nulltoleranse for islam.

Partiprogram:

Spesielt kritisk er vi til den muslimske innvandringen. Vi anerkjenner ikke islam som religion, men ser på islam som en politisk ideologi som har som uttalt formål å få verdensherredømme. Islam er Europas farligste fiende. NorgesPatriotene vil imidlertid understreke at vi respekterer islam i andre deler av verden. Men her i Europa er islam uforenlige med våre verdier, skikker og kulturarv. Vi har derfor nulltoleranse for islam i Europa og vil gjøre det vi kan for å hindre islams vekst i Norge samt gjøre det vi kan for å legge ned samtlige moskeer i Norge.

Byttar ein ut "islam" med "jødedom" kunne det like godt ha vore frå Nationalsozialistische Deutsche Arbeiterpartei.

Lærar folk aldri? Det var slik 2. verdskrig starta. Nokre ekstremistar som ville renske landet sitt for eit anna folkeslag. Det kosta til saman 60 000 000 menneskeliv.

Sjølv samanliknar dei islam med nazismen, og anklagar desse for å vere den store, stygge ulven. Slik eg forstår det, er moralen "utrydd muslimar, for dei er som nazistane under 2. verdskrig".

Dødsstraff for drap er jo deilig dobbelmoralsk.

FrP vert jo reine sosialistane i forhald til. Dei får óg gjennomgå pga landssvik, og fordi dei offentleg har uttalt at dei har fleire muslimske tilhengjerar.

At det fins slike menneske i dagens samfunn, skremmar meg. Eg skjemmast over å vere ein del av "folkeslaget" til desse motbydelege menneska.

"ALLTID LA DETTE STED VÆRE ET ROP AV FORTVILELSE OG ET VARSEL TIL MENNESKEHETEN... "

Det nytter ikkje. Det er allereie gløymd.
Mennesket må vere den eine dyrearten som ikkje lærar av sine eigne feil.


onsdag 26. august 2009

Lesarinnlegg i lokalavisa Ryfylke

FOLK FLEST

... bur i Kina.

Dei borgarlege partia med Framstegspartiet i spissen kravlar oppatt på meiningsmålingane for regjeringsvalet 14. september.
Målet er å privatisere, og å opne for den frie marknaden, slik at kvar er "si eiga lukkes smed", fjerne avgifter og skattar, gjere at folk sjølv skal bestemme over sin eigen arbeidsdag, og sjølvsagt sette ned prisane på alkohol - og opp med fartsgrensene.
Det høyrest jo både vakkert og godt ut, inga tvil om det, men ein må berre spørje seg sjølv: "Ser folk ikkje diskrimineringa som vert utført?"
Og som vil auke krafteg dersom dei blå vinn valet. Med hyggjelege skilt med "Folk flest" printa i glitrande blå skrift, går dei rundt og lokkar med skattefri kvardag og minska innvandrarstraum, og prøver å få folk til å kjenne seg som ein av dei - desse smilande, hyggjelege menneska som er bland dei rikaste i landet. Kven vil ikkje leke med dei store gutane på leikeplassen?
Det er først når ein grev djupare, og tenkjer seg om, ein ser kor stor urett dei borgarlege står for.
For å starte med noko enkelt; på FrP si heimeside står det som éin av 25 grunnar til å stemme FrP: "Offentliggjøre resultatene i norsk skole, og gi den enkelte elev frihet ved valg av skole."
Kva hende med alle aksjonane mot mobbing? Eg har personleg vore på skule der karakterane vart lest opp i klassen. OK for dei som gjer det bra, men du skal vere svært tøff for å takle å ha dårleg karakter i ein slik situasjon. Men det er nettopp det, dei beste skal trekkast fram. Det skal tilretteleggast for dei flinkaste på skulen, for dei rikaste bedriftane med størst moglegdom til å klare seg med marknadsøkonomi.
Kva hende med fellesskapen? "Plass til alle"? Arbeidarrørsla som kjempa fram like rettar for óg dei som er lågare nede på rangstiga. Var det alt forgjeves? Hadde dei borgarlege vunne kampen då, hadde det vore direktøren på smelteverket som bestemde, ikkje folket. Kva hender i Noreg? Ein freistast til å undre på om me har det for godt. Egoismen har teke overhand. "Berre eg har det fint, bryr det ikkje meg." Dei blå partia vil fremme dei som alt har det fint. Klart det er økonomisk lønsamt for dei som sit på toppen, men kva med dei som jobbar som vaskehjelp på skulen? Kva med den guten i klassen som alltid har hatt problemer med bokstavar, men er knakande god til å mekke bil? Kva med tanta di som etter ei bilulukke fekk traumer og ikkje greier gå på jobb. Eller den kjekke karen i kebabsjappa som har foreldre som i frykt for livet til familien flykta til eit land der det ikkje kviner i bomber rundt øyrene på ein. Eller den lamme nevøen som alltid er så blid, men sit lenkja til rullestolen.
Alle kjenner dei, dei er ein del av kvardagen vår. Dei blå partia vil svekke arbeidarorganisasjonar som LO. Kvifor? Fordi det neppe er lønsomt å ha arbeidarar med drittjobbar som stiller krav. Spør Rimi-Hagen om han likar at arbeidarane kjempar for rettane sine.
Innstraming av innvandringspolitikken står óg høgt på lista. Det bør ikkje gå føre seg ukontrollert, men å nekte så mange som verkeleg treng det, hjelp, og t.d. nekte ikkje-vestlege innvandrarar barnetrygd, og få dei til å sverge truskapseid til landet vårt, det er vel å dra det litt for langt i rasediskriminerande retning. Truskapseid? Har nordmenn nokon gong sverga truskapseid for å få lov å bu i landet? Dei fleste flyktningar (eg bruker dette ordet, då "innvandrar" óg gjeld dei vestlege, som er meir enn velkomne) vil nok ikkje vere her ein gong - eit kaldt, mørkt og lite velkomande land langt borte frå alt dei kjenner, men har flykta for å bergje livet til seg og sine.
Folk har endra haldning. Det ser me gong på gong hos dei som får det betre enn godt er. No er "revolusjon" eit fy-ord. Det er revolusjonen som har fått rettferd i så mange land i verda i dag. Er det kanskje utan grunn at "Les Miserables" er tidenes mest spelte musikal? At Kjartan Fløgstad vart så kjend for gode bøker om arbeidarklassen sin kamp i samfunnet?
Folk som ikkje har alt, veit å kjempe for rette sakar. No, ja, kva no?
"Folk flest" var ein gong fattige og skitne, men kjempa seg framover. No sit "folk flest" i luksusvillaer og har det så godt at dei ikkje hugsar korleis var å vere den som stod med nasen pressa mot vindauget når dei rike hadde fest, utan å få vare med. Dei borgarlege har øydelagt eit fint uttrykk.
Folk flest bur i Kina. Folk flest i verda er mørkhuda. Folk flest lever i sult, krig og elendigheit. "Folk flest" finst ikkje! Me har "me og dei", og me har "oss". Velg sjølv.
"Saman er vi sterkere" sa dei før i tida.

Ein ihuga Høgre-politikar sa meg ein gong på politisk stand at "det finst skilnadar ein aldri vil kunne rette opp". Det sa dei óg om dei afrikanske slavane. Barack Obama vart president. Løysinga er ikkje å la vær å kjempa fordi vegen er lang.

Eg vil skjemmast av å bu i eit samfunn der det ikkje er plass til alle.


"En skal ikke tåle så inderlig vel
den urett som ikke rammer en selv."
-Arnulf Øverland

mandag 17. august 2009

Random pictures

Svært random innlegg.

Første skuledag! Fantastisk:)
Guuud, kor eg har sakna norsk skule. Rettelse, den gode skulen i indre Ryfylke! Iiiih, kjærleik<3














Hahaha:D Sweet:)




Sterk og effektiv kampanje!
Aldri aldri aldri mobil i bilen.


VAkkert.




Herleg underhaldning med bl.a. dette:

Sosialistisk ungdom

  • tror på demokratiet i SUs kraft til å forandre verden - i en eller annen retning.
  • Sender alle sine søte partijenter på selvforsvarkurs til stor fortvilelse for borgelige gutter.
  • er imot frihet med mindre det kan løses med selvforsvarkurs.
  • synes kapitalisme suger.
  • er tilhengere av Josef Stalin fordi han er mye tøffere enn Bondevik.
  • tror på rettferdighet for de som har selvforsvarskurs.
  • mener at Staten skal styre livet ditt, med mindre du har blått belte i selvforsvar.
  • er i mot oljeboring fordi det skaper mange arbeidsledige selvforsvarere.
  • er tilhengere av Sovjetunionen, de har bare ikke fått med seg dens undergang.
  • mener sosialisme er det beste for en bærekraftig utvikling.
  • er opptatt av at barn og ungdom skal ha det bra.
  • vil kjempe for maktmissbrukere.
  • er ikke tilhengere av USA, de er dumme mennesker!!!
  • er for at folk skal få bestemme over egen arbeidsplass - så lenge dette ikke bryter med noen av de andre punktene. f eks1,2,3,4,5...
  • for selvbestemt abort, fordi de mener babyer først og fremst er en parasitt som lever inne i moren.
  • synes det var tullete av unge høyre å foreslå hitler til nobels fredspris på 1930-tallet, Lenin burde mye heller fått den!

og mye mye mer bra


og

Fremskrittspartiet (FrP), populært kalt tilbakestegspartiet, er en folkebevegelse som har som mål å først ta et skritt frem, for deretter kunne ta to skritt tilbake. (avledet av Stalins kjente sitat) For øvrig er det en stor skam at partiet finnes. De vil ha mere penger til politi Samtidig vil de ha friere flyt av alkohol. Ellers er de livredde for utlendinger, og liker ikke kebab eller nan-brød. Derfor vil de ha utlendinger ut av landet. Dessuten er de uendelig snille og velmenende. De er ikke forståsegpåere, men de forstår seg godt på "folk flest".



tralala

lørdag 15. august 2009

Vestlandet - Vilt, vakkert og VÅTT

"Filmen byrjar 20.45" sa Åshild. Ok, møtast 20.15, føreslår eg.
"Kvart på 8" seier ho.
Me møttest kvart på 8, og det var først etter ti minutt at ho kom på at ho eigentleg hadde meint kvart OVER. "Kvifor sa du ikkje noko om det?" Sei det.. Eg er berre uskuldeg naiv og reknar med folk har ei god meining med alt. Ikkje snakk om mistru her i huset.
Me skulle sjå "Bruno" på kino (klokka 20.45), og eg hadde forventningane i bånn for ikkje få nok ein skuffelse slik som "Borat" var.

Surprise! Eg lo meg gjennom filmen. Fantastisk. Eg var nesten innstilla på verre, så eg greidde å sjå det humoristiske i galskapen.
Sasha Baron Cohen er den modigaste mannen eg har høyrd om. Drit i fjellklatrerar og krokodillejegerar. Finn ein som tør seie til leiaren av ei stor ekstremistgruppe (Al Aqsa - såkalla terroristgruppe) at forbildet og helten deira, Osama bin Laden ser ut som ein sketen julenisse.
Hatten av for den.
Eg skrattlo meg gjennom mesteparten. Det er langt over streken, men ta det med eit smil, så får du god underhaldning.

Dog er det óg grunnar til deprimerande tankar. Alt mr Cohen gjer VEIT eg er berre for tull og for å provosere, men dei folka han pratar med skremmar meg. Ei mor som går med på å sende ei 3-4 årig dotter til fettsuging for å få jentungen med i ein reklamefilm, såkalla "Gay converters" som trur dei greier å kurere denne fælskapen med Jesus-preik, og sinnssjuke Arkansas-bønder som står og skrik "Kill that faggot!".
Det skremmar meg. Verkeleg.

Cohen skal eigentleg berre få ros for å få fram den sanne haldninga til mange amerikanerar, sjølv om det kanskje er ein ganske ekstrem måte å gjere det på.

Gårsdagens oppleving mao. Etter å ha fortært ein svær pose smågodt (jaaaa, eg SKAL skjerpe meg. På mandag.) medan Bruno kravla rundt i stringtruse og fekk bleika anusen sin, gjekk me opp til Åshild, varma pizza og prata alt for lenge.
Me skulle nemleg opp før 6 for å ta båten til Stavanger.
Kom oss utruleg nok opp i tide, etter berre 4-5 timars svevn, og fekk forflytta oss ned til kaien ved hjelp av sykkelen til Åshild sin mamma. To stk på ein sykkel er nesten alltid like gøy:) til og med i regnet.

Båten gjekk 6:55, og etter ein halvtime hoppa Hallvard på då me var på Sand.
Vel framme i Stavanger stakk me innom 7/11 for å kjøpe frokost. Tilfeldigvis var det ein utruleg fet fyr i kassen som introduserte oss for det som til no har delt førsteplass hos meg for Verdas Beste Iskrem:
Ben & Jerry.
60 kr pr 500 ml.
Tru meg, fullstendig verdt det.


Me(Hallvard) kjøpte to til å ha på båten heim. Må prøvast. Makan, så godt!
Og så er det jo så koseleg med Fairtradeprodukt, og det er økologisk og alt. Så kan ete det med godt samvit! Bortsett frå antal kalorier.

Me spaserte rundt i gatene, og fann politiske stands på torget. Interessant. Og ganske morsomt, spesielt på høgresida.

Herleg dialog:
Høgre-mann: -Hei! Vil de lese litt meir om kva me vil?
Hallvard: -Er du heilt rar eller?!
Høgre-mann: -Eehh, du skal få lov til å meine nett det du vil..
Hallvard: -Ja, det skal jammen du og!

Eheheh.
Julie: - Dersom eg er ein person med forhaldsvis låg inntekt og formue, kan du då gi meg éin grunn til å stemme Høgre?

Mannen prata og prata i tjue minutt, og kom aldri med eit svar. Fortalde masse om alt det gode som kunne gjerast, men noko svar på spørsmålet vågde han seg ikkje inn på.
Han meinte at me kunne få det svært bra i Rogaland, og at det ville dei jobba for. Eg sa at det er jo ikkje vits å ha det bra her dersom det er hungersnaud i Hordaland.
"Du er visst ein ekte sosialist du. Skriv deg opp på lista om to år. hehe.."
Og så kom me ikkje lenger.
Julie 1-0 Høgre.

Slo av ein prat med Ap og Sv og, så klabert.
Hallgeir Langeland gav Hallvard ein fancy button - "For bedre sex og lyntog", og meg ein fancy SV-paraply:D

Ellers var det mykje shopping. Har brukt masse penger (overraskande lite på klær i forhald til mengda (takk til herlege salgstider) og overraskande mykje på skjønhetsprodukt(det er dyrt å være pen)...), og har kjøpt Palestina-skjeft (kall meg mainstream eller Helge Ombo-kopi, eg vil ha det) og nye sko.

Kjøpte og ein evt kjole til bryllaupet til søster mi, til skremmande 49,- på tilbud! Og er rett og slett kjempesøt. Skal dog vurderast om han er bryllaupsaktig nok til bruk på den store dagen.

Me gjekk rundt og vassa i regnet, og Hallvard fekk etterkvart ganske longe armar antar eg. Stakkaren berte rundt på alle posane våre. Jaja, han ville sjølv, sa han.
Åshild fekk oss med på "Potetbaker'n", og me åt taco-potet. Så fekk eg prøvd det og.

Traff Magnus frå SU på båten, og han fortalde masse interessant om sitt opphald i Bolivia med Latin-Amerikagruppene.

Reiselysta nappar i hjarterota når eg høyrar slikt.
Framande land, andre menneske, anna klima, annleis mat, annleis tradisjonar. Det er så mykje der ute!
Og så altfor kort tid.
Må legge opp eit stramt program for framtida mi om ikkje så altfor lenge.

I mellomtida får eg prøve å forberede meg mentalt til å møte den norske skuledagen igjen etter eit år utan.
Og nyte den vestnorske naturen, fjella, fossane og alt det fine me har. Og prøve å gjere det beste ut av regnvêret.
Tenk så heldige me er då! Det finst ingen land i verda som kan skryte på seg uavbrutt regn i over to månadar.

I størsteparten av Afrika er det slik Himmelen må vere framstilt.


Å Vestland, Vestland når eg ser deg slik
Med fagre fjell og fjord og tronge vik.
Det stig i all sin venleik stort og vilt
Og atter møter meg so mjukt og mildt.

Og gleda strøymer i meg still og stor
med glans av bjørkeli og blåe fjord
Og i meg sjølv eg kjenner dypter av
den stille skogen og det store hav.






















Min lette båt ein solblank kveld eg ror,
sjå fjell og himmel sym på stille fjord
og djupe dalen med sitt grøne fang,
som skin av lauv og blom frå li og vang.


Sjå skuggane som kliv dei kvasse fjell
lik dagsens timar tøyer seg mot kveld
Det sveiper seg om tind og tronge dal
eit draumeslør av sommarnatti sval







...Men for min del kan eg godt dele litt med meg med tanke på nedbørsmengder.

onsdag 12. august 2009

Paprika

Hvid logik

De sorte skal holdes nede
så lang og længe det lykkes
på gruns af de egenskaber
man har når man undertrykkes.

Vi andre skal holde sammen
og kue de andre med vold
på grund av de andres sammenhold
imod vores sammenhold.

At bryde den logiske tryllering
med menneskets lille trik
er sort magi. At la fjendskab gro
af fjenskab er hvid logik.

Hvem man, af hud, er i farve med,
er herrefolks krav på honnør.
Hvis nogen vil agtes for dét de er,
bekender jeg deres kulør.

Lad mig gå ud på Forum Humanum,
skamfuld, besdkæmmet, beskeden,
og melde mig ud af den hvide race
og ind i menneskeheden.

-Piet Hein-

Tenk, 60 år gamalt, enkelt, og seier likevel så mykje. Dansk poesi på sitt beste.

Rasisme er så vanvittig tåpeleg. Det fins ikkje logikk i det.
I radioen i går høyrde eg at Siv Jensen hadde lagt fram forslag om å få bort alle utanlandske tiggarar. Dei norske skal få lov å fortsette medan dei som ikkje tilfeldigvis vert kvite som laken om vinteren skal jagast bort?
Islamsk Forbund er beskulda for å spre "edder og galle" og for å prøve å islamifisere landet, og ønskest fratatt statsstøtte. Kva skjer med rettferda? og mest av alt, korleis i all verda får dette partiet støtte?
Det er bra for landet, seier nokon, å få renska litt ut. Norge for nordmenn osv. Det er forsåvidt greit nok, og eg er for bevaring av norsk kultur. Som forøvrig allereie er godt og grundig øydelagd av til dømes USA. Men dette kan ikkje stå høgare enn rettferd og lysta til å hjelpe folk.
Kva gjer me den dagen det er me som treng hjelp av dei?
Kva er det å vere redd for?

Fun fact: 95% av alle valdtektar skjer i heimen.
Den vesle prosentdelen som er overfallsvaldtekt begått av menn med utanlandsk opphav er dei som kjem ut i media.
Kva er det å vere redd for?
Det er framleis mange fleir kriminelle nordmenn enn innvandrarar her i landet.



Det er større problem enn ulik utsjånad i vente der ute.
Saman er me sterkare.



Høhø, kunne nesten vere eit tørt ordspel, men paprika er strengt tatt ikkje så sterkt.



Ryfylke SUs første medieoppslag. Det er då ei byrjing(:
Det var i tillegg tema i dagens leiar i Ryfylke lokalavis papirutgåve.
PR er bra. Når skulen byrjar på mandag, set heftig propaganda inn, kjennar eg.
Dette må bli bra:)

Jobb i morgon tidleg derimot...

Natta:)

tirsdag 11. august 2009

Raudt

When you were here before,
Couldn't look you in the eye
You're just like an angel,
Your skin makes me cry

You float like a feather
In a beautiful world
I wish I was special
You're so fuckin' special

But I'm a creep,
I'm a weirdo
What the hell am I doin' here?
I don't belong here

I don't care if it hurts,
I wanna have control
I want a perfect body
I want a perfect soul

I want you to notice
when I'm not around
You're so fuckin' special
I wish I was special

But I'm a creep
I'm a weirdo
What the hell am I doin' here?
I don't belong here

"Creep" - Radiohead

Greit, litt sippete, men ein god song.

Eg var ei veke på sumarleir med Sosialistisk Ungdom. Sol, sommar og sosialisme. Feil. Storm, søle og sosialisme.

SUs sumarleir 2009 inkluderte bl.a.:

-Det blide Sørland
-Utruleg masse fete folk
-Endå fleire bra folk
-Soving i lavvu
-Dårleg vêr
-Dårlegare vêr
-Ekstremvêr
-Evakuering pga ekstremvêr
-Litt bra vêr
-Konstant fuktige klede og sovepose
-Interessante foredrag
-Oppglødande revolusjonstalar
-Møte med Kristin Halvorsen, Hallgeir Langeland og Gerd-Liv Valla
-Fascinerande høge nikotininntak (det gjaldt 95% av leirfolket, ekskludert meg)
-Nattbading
-Gode meiningar
-Masse protest
-Dissing av dei borgarlege blåe
-Bål med guitarspeling
-Allsang
-Fotballturnering
-Max 6 timars søvn, min 2 pr natt
-Bra konsert x 3!

Treng eg å nemne at det var utruleg bra?

Eg har aldri vore politisk aktiv, til tross for sterke meiningar om alt og alle, men har fonne ut at no skal det gjerast noko med det.
Eg nektar å akseptere at rike egoistar skal øydeleggje den velferdsstaten me har bygd opp. Eg er ikkje kommunist slik som nokre av dei svært ihuga ungdomane der, men så klart er eg for like rettar for alle. Det er jo logisk, og eg er sikker på at dei aller fleste som greier sjå litt lenger enn sin eigen nasetipp er for det.
Me er jo menneske alle saman.

Folk fattar berre ikkje kor farleg det vil vere å sleppe dei borgarlege til. Mange fell for propagandaen med fri flyt av alkohol og såkalla "skattelette", som for FOLK FLEST vil bety ein hundrings meir pr veke, men for finanstoppane millionar, og støttar dei pga dette, og tenkjer ikkje over at prisen for å kunne drikke seg drita for hundre kroner i stadenfor 300, er at me vil få eit land som er styrt av penger.
Dei som har penger, vil ha det bra. Dei andre, som ikkje inngår i overklassen, vil få eit helvete. Eg personleg kan ikkje seie eg ser USA som noko forbilde på nokon måte når det gjeld styresett og politikk. Nokon som har sett "Sicko" av Michael Moore?

Ein ting er sikkert; lat høyresida fjerne skatt og få tilgang til oljefondet, og etter eit år eller to vil landet vårt ligge langt frå toppen på lista over gode land å bu i.

Ryfylke SU skal stiftast, og saman skal me kjempe for rettferd, og for å behalde det arbeidarrørsla greide å få framkjempa.
Amen.



Medan me pratar arbeidsrettighetar... Eg stod i dag opp kl. 07.00, besvimelsen nær av trøyttleik, heiv meg på sykkelen og tråkka inn til jobb for å få utdelt arbeidsplanen for denne veka. "FRI" står det med feite bokstavar over heile måndagen. Er det då ein skal le eller grine? Vel og bra å få ein fridag, men dei kunne ikkje sagt ifrå på førehand?
Eg sykla heim, leste litt, før eg la meg, og vakna opp kl halv 1.

Heldigvis melde eg meg inn i LO på leiren. No skal eg kreve løn for oppmøte.

Muahah:)


Nikolai:
Den raude, femarma stjerna står som symbol på sosialisme og/eller kommunisme.
Dei fem armane kan tolkast som fingrane på arbeidaren si hand, eller som dei fem kontinenta.
Nokre meinar dei representerar dei fem sosiale gruppene som skulle føre Sovjetunionen til kommunisme: ungdomen, det militære, industriarbeidarane, jordbruksarbeidarane og intelligentsia - den utdanna delen av befolkinga.
Helsing wikipedia




mandag 27. juli 2009

Regn

Jau, då sit eg her og høyrar på vassdropane som klaskar ned på blikktaket utanfor vindauget mitt.
Det er ganske koseleg sånn for augneblinken, sidan eg berre skal krype med under den gode dyna mi.

Men på den andre sida er det DRIT. I morgon tidleg (altfor snart) drar eg til Stavanger, for å ta toget til Sørlandet, nærmare bestemt Risøy.
Der skal eg tilbringe ei veke på sommarleiren til SU (ikkje Sexy Utlendingar, sjølv om det hadde passa bra..;D), Sosialistisk Ungdom, i lag med om lag 350 andre oppegåande ungdomar frå heile landet.
I telt. TELT i dette pissvéret.
Leirar er ein meget bra ting, men i skrivande stund kokar eg ikkje over av fryd, då eg ser for meg seks deilige netter symjande i våt og ekkel sovepose, utan moglegdom til å få torka kleda mine.

Neida, eg gledar meg:) Det vert bra. Er kjekt å gjere noko annleis, og møte nye folk.


Ja, sleske latinoar, sa du? No har eg brukt ein halvtime på å krangle med ein gris frå Portugal. Han vil vere i lag med meg. Han er bra lite intelligent. "Ein vert jo ikkje saman når ein ikkje er forelska, berre for å gjere det." -"Kvifor ikkje?"
Og sjarmerande nok har han sverga at han er forelska i meg. Jajøss, og eg er julenissen. Greit eg på portugisisk skala eg bra heit, men etter å ha prata med meg éin gong?

Dårlig eksempel på portugisiske gutar.


Eg og Ida har interessante samtalar. Me skal sjå "Titanic" og ete sjokolade og grine. Grine over véret, over gutar, over teite folk, over flotte bilder, over triste kjærleiksscenar. :)

Elles må eg berre anbefale denne sjuke bloggen her; www.walkofshame.blogg.no
Utruleg god underhaldning!
Haha, makan.
Godt å vite at det finst nokon skamlause der ute.


Linda kjem heim om ikkje aaaalt for lenge. Eg saknar deg, Linda!
Min betre halvdel sit no i nærleiken av ein plass som dette i Portugal:



















medan eg sit her:


















Det regntunge Vestland, kor eg har sakna dei uendelege dagane med regn, blåst og møkkvér.


Jaja, slikt får ein tole:)
Linda, kjære, du fortener det:) Alt du har måtta gå gjennom, og du gjekk jo glipp av heile året me skulle ha i lag der nere.

Men gledar meg fælt til å få deg heim att! Litt egoist må eg få vere:)

Kvardagsheltar

Ja, det er altfor seint.
Men eg må berre skrive om ein av dei personane eg er heldig nok til å kalle venn.

Åshild Nymark Esperås, den flittigaste bloggaren eg kjennar personleg. Og ei aldeles herleg jente.

Åshild sa: "Sei noko positivt om meg da, det er så kjekt:) "

Julie: "Deilige pupper"

Eg er dårleg til å kome på slikt på kommando, Åshild, men du veit det er mykje:)



Åshild:
-er pen
Er ikkje kven som helst som får høyre det av læraren.
-har verdas sjukaste humor
Ei av dei få jentene som verkeleg får meg til å le grunna god humor. Ironi er Åshild sitt spesialfelt.
-er entusiastisk
I det ho likar, i alle fall. Då pratar me skikkeleg spirit i cheerleading og fotball.
-er impulsiv
Der me andre brukte eit halvt år til å tenkje, bestemte Åshild seg for å dra på utveksling i løpet av to dagar.
-har deilige pupper
Ja, du har det:)
-er seg sjølv
Uansett, alltid, og er ikkje flau over det.
-er ekte
Åshild er 100% Åshild. Ekte, ærleg, naturleg.
-tør å stå for meiningane sine
Det skal litt til for å klare å stille seg opp mot meiningane til Eirin og meg. Åshild gir seg ikkje, om ho så hadde vore åleine mot resten av verda.
-er positiv
Makan til optimist. Åshild er alltid positiv, uansett. Kanskje unntatt i berusa tilstand...
-er fornuftig
Ho greier alltid å vere realistisk og forhindre sprelske idear og overdreven entusiasme i å rive meg aldeles med. Ankeret mitt til bakken.
-er snill
Dette er det som fascinerar meg mest. Aldri har eg møtt ein person som er så snill med folk. Trur det beste om alle. Eirin seier "Eg HATAR ho der! Ho er så teit". Åshild seier "Du veit jo ikkje det, ho er sikkert snill. Eg syns ho verkar grei." og aksepterar alle slik dei er. Gjer alle ein sjanse. Hadde alle vore slik, hadde verda vore paradis.
-er ei god veninne
Åshild stiller opp, gir gode råd og oppmuntrar. Ho er utruleg frekk, det skal eg ikkje nekte for, men ho er ei eg veit eg kan stole på uansett.
-er helten min
Ein så fascinerande person, at ho fortener heltestatus. Det er først og fremst godheten som gjer det. Evna til å alltid tru bra om folk, å tilgi, å ikkje miste trua på andre.

Åshild, du er utruleg.
Heia heia!



Det er aldri keisamt i lag med Åshild. Til og med kjøttdisken på Mega vert interessant når Åshild er på jobb.

Eg er glad for at me har blitt så gode venner:) Angrar eg ikkje på!



"Men i frelseren Jesu Kristi navn! Tennis?!"

søndag 26. juli 2009

Nattetankar


I hold it true, whate'er befall;
I feel it, when I sorrow most;
'Tis better to have loved and lost
Than never to have loved at all.

-Alfred Tennyson







Sentimental augneblink. Skuldas gjerne for lite søvn etter ei fuktig natt, der eg kom heim kl 5 om morgonen etter å ha gått barbeint gjennom skogen frå sentrum. Det var 18årsfest hos Gunnbjørg, cowboyparty. Ganske vellukka opplegg om eg må seie det sjølv.
Men etter ein dag nesten utan å ete (grunna for mykje mat på hyttetur dagen før), har alkohol kraftig verknad.

Øl er ikkje så godt for vettet som folk seier det er. Dess meir du drikk, dess mindre vett i skolten.
Håvamål


Så sant, så sant.


Men det nyttar ikkje å surmule over feilgrep. Det er berre å ta seg saman og unngå å gjere det same til neste gong.

Strengt teke burde eg ikkje sitje her på denne tida av døgner heller. Stygge portugisiske vanar.
I morgon må eg stå opp tidleg (på den einaste fridagen eg har hatt heime i Noreg denne ferien) for å ta blodprøve.
Og for å leite etter ungdomskortet mitt.
Det må finnast, for på tirsdag reisar eg på ungdomsleir med SU på Risøya på Sørlandet. Kanskje eg vert politisk engasjert?:)

Og i morgon kjem kanskje Kristian, min kjære kompis frå klasseturen til Polen i 10. klasse.
3 år er det sidan eg sist høyrde den herlege Vennesla-dialekta. Vert kos! Tommel opp.

No må eg prøve å ta igjen litt av den tapte nattesøvnen min. Eit enno ikkje vellukka prosjekt som eg har dreve med i eit halvt år.
Men eg gir ikkje opp håpet. Det gjeld å tenkje positivt;)






Ny blogg!

Eg overraskar meg sjølv og vart inspirert til å lage ein blogg om kvardagens store og små bagatellar.

Kanskje eg greier å skrive oftare enn ein gong i månaden her.. *kremt*

Grunnen til tittelen:

Freia Melkehjerter

Sjokolade er lykken. Lykken sitter i hjertet.
Hjertet er av sjokolade.
Ett til meg og ett til deg. Alle hjerter gleder seg. Søte biter til en venn. Fordi lykken vokser når vi deler den.


Utruleg søtt. Likar det. Og sjølve sjokoladen er ikkje dum den heller.

Eg skal bli søtare. Det trengs.
Eg har alltid tenkt at første steg på betringens veg er å vere klar over at det eg gjer er gale. I'm wrong.
Som Åshild seier; Det finst ikkje noko verre enn drittsekkar som er klar over det, men ikkje gjer noko med det.

Så frå no skal eg ta meg saman. Koste kva det koste vil. Eg er ekspert i å ha meiningar og formaningar til andre, men tenkjer ikkje på å byrje med meg sjølv.

"Man ser splinten i sin brors øye, men ikke bjelken i sitt eget."

NY BLOGG, NYTT LIV, NYE MOGLEGDOMAR.

hooray