FOLK FLEST
... bur i Kina.
Dei borgarlege partia med Framstegspartiet i spissen kravlar oppatt på meiningsmålingane for regjeringsvalet 14. september.
Målet er å privatisere, og å opne for den frie marknaden, slik at kvar er "si eiga lukkes smed", fjerne avgifter og skattar, gjere at folk sjølv skal bestemme over sin eigen arbeidsdag, og sjølvsagt sette ned prisane på alkohol - og opp med fartsgrensene.
Det høyrest jo både vakkert og godt ut, inga tvil om det, men ein må berre spørje seg sjølv: "Ser folk ikkje diskrimineringa som vert utført?"
Og som vil auke krafteg dersom dei blå vinn valet. Med hyggjelege skilt med "Folk flest" printa i glitrande blå skrift, går dei rundt og lokkar med skattefri kvardag og minska innvandrarstraum, og prøver å få folk til å kjenne seg som ein av dei - desse smilande, hyggjelege menneska som er bland dei rikaste i landet. Kven vil ikkje leke med dei store gutane på leikeplassen?
Det er først når ein grev djupare, og tenkjer seg om, ein ser kor stor urett dei borgarlege står for.
For å starte med noko enkelt; på FrP si heimeside står det som éin av 25 grunnar til å stemme FrP: "Offentliggjøre resultatene i norsk skole, og gi den enkelte elev frihet ved valg av skole."
Kva hende med alle aksjonane mot mobbing? Eg har personleg vore på skule der karakterane vart lest opp i klassen. OK for dei som gjer det bra, men du skal vere svært tøff for å takle å ha dårleg karakter i ein slik situasjon. Men det er nettopp det, dei beste skal trekkast fram. Det skal tilretteleggast for dei flinkaste på skulen, for dei rikaste bedriftane med størst moglegdom til å klare seg med marknadsøkonomi.
Kva hende med fellesskapen? "Plass til alle"? Arbeidarrørsla som kjempa fram like rettar for óg dei som er lågare nede på rangstiga. Var det alt forgjeves? Hadde dei borgarlege vunne kampen då, hadde det vore direktøren på smelteverket som bestemde, ikkje folket. Kva hender i Noreg? Ein freistast til å undre på om me har det for godt. Egoismen har teke overhand. "Berre eg har det fint, bryr det ikkje meg." Dei blå partia vil fremme dei som alt har det fint. Klart det er økonomisk lønsamt for dei som sit på toppen, men kva med dei som jobbar som vaskehjelp på skulen? Kva med den guten i klassen som alltid har hatt problemer med bokstavar, men er knakande god til å mekke bil? Kva med tanta di som etter ei bilulukke fekk traumer og ikkje greier gå på jobb. Eller den kjekke karen i kebabsjappa som har foreldre som i frykt for livet til familien flykta til eit land der det ikkje kviner i bomber rundt øyrene på ein. Eller den lamme nevøen som alltid er så blid, men sit lenkja til rullestolen.
Alle kjenner dei, dei er ein del av kvardagen vår. Dei blå partia vil svekke arbeidarorganisasjonar som LO. Kvifor? Fordi det neppe er lønsomt å ha arbeidarar med drittjobbar som stiller krav. Spør Rimi-Hagen om han likar at arbeidarane kjempar for rettane sine.
Innstraming av innvandringspolitikken står óg høgt på lista. Det bør ikkje gå føre seg ukontrollert, men å nekte så mange som verkeleg treng det, hjelp, og t.d. nekte ikkje-vestlege innvandrarar barnetrygd, og få dei til å sverge truskapseid til landet vårt, det er vel å dra det litt for langt i rasediskriminerande retning. Truskapseid? Har nordmenn nokon gong sverga truskapseid for å få lov å bu i landet? Dei fleste flyktningar (eg bruker dette ordet, då "innvandrar" óg gjeld dei vestlege, som er meir enn velkomne) vil nok ikkje vere her ein gong - eit kaldt, mørkt og lite velkomande land langt borte frå alt dei kjenner, men har flykta for å bergje livet til seg og sine.
Folk har endra haldning. Det ser me gong på gong hos dei som får det betre enn godt er. No er "revolusjon" eit fy-ord. Det er revolusjonen som har fått rettferd i så mange land i verda i dag. Er det kanskje utan grunn at "Les Miserables" er tidenes mest spelte musikal? At Kjartan Fløgstad vart så kjend for gode bøker om arbeidarklassen sin kamp i samfunnet?
Folk som ikkje har alt, veit å kjempe for rette sakar. No, ja, kva no?
"Folk flest" var ein gong fattige og skitne, men kjempa seg framover. No sit "folk flest" i luksusvillaer og har det så godt at dei ikkje hugsar korleis var å vere den som stod med nasen pressa mot vindauget når dei rike hadde fest, utan å få vare med. Dei borgarlege har øydelagt eit fint uttrykk.
Folk flest bur i Kina. Folk flest i verda er mørkhuda. Folk flest lever i sult, krig og elendigheit. "Folk flest" finst ikkje! Me har "me og dei", og me har "oss". Velg sjølv.
"Saman er vi sterkere" sa dei før i tida.
Ein ihuga Høgre-politikar sa meg ein gong på politisk stand at "det finst skilnadar ein aldri vil kunne rette opp". Det sa dei óg om dei afrikanske slavane. Barack Obama vart president. Løysinga er ikkje å la vær å kjempa fordi vegen er lang.
Eg vil skjemmast av å bu i eit samfunn der det ikkje er plass til alle.
"En skal ikke tåle så inderlig vel
den urett som ikke rammer en selv."
-Arnulf Øverland
Vil Mykletun ha skam på blå resept?
for én uke siden
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar