lørdag 15. august 2009

Vestlandet - Vilt, vakkert og VÅTT

"Filmen byrjar 20.45" sa Åshild. Ok, møtast 20.15, føreslår eg.
"Kvart på 8" seier ho.
Me møttest kvart på 8, og det var først etter ti minutt at ho kom på at ho eigentleg hadde meint kvart OVER. "Kvifor sa du ikkje noko om det?" Sei det.. Eg er berre uskuldeg naiv og reknar med folk har ei god meining med alt. Ikkje snakk om mistru her i huset.
Me skulle sjå "Bruno" på kino (klokka 20.45), og eg hadde forventningane i bånn for ikkje få nok ein skuffelse slik som "Borat" var.

Surprise! Eg lo meg gjennom filmen. Fantastisk. Eg var nesten innstilla på verre, så eg greidde å sjå det humoristiske i galskapen.
Sasha Baron Cohen er den modigaste mannen eg har høyrd om. Drit i fjellklatrerar og krokodillejegerar. Finn ein som tør seie til leiaren av ei stor ekstremistgruppe (Al Aqsa - såkalla terroristgruppe) at forbildet og helten deira, Osama bin Laden ser ut som ein sketen julenisse.
Hatten av for den.
Eg skrattlo meg gjennom mesteparten. Det er langt over streken, men ta det med eit smil, så får du god underhaldning.

Dog er det óg grunnar til deprimerande tankar. Alt mr Cohen gjer VEIT eg er berre for tull og for å provosere, men dei folka han pratar med skremmar meg. Ei mor som går med på å sende ei 3-4 årig dotter til fettsuging for å få jentungen med i ein reklamefilm, såkalla "Gay converters" som trur dei greier å kurere denne fælskapen med Jesus-preik, og sinnssjuke Arkansas-bønder som står og skrik "Kill that faggot!".
Det skremmar meg. Verkeleg.

Cohen skal eigentleg berre få ros for å få fram den sanne haldninga til mange amerikanerar, sjølv om det kanskje er ein ganske ekstrem måte å gjere det på.

Gårsdagens oppleving mao. Etter å ha fortært ein svær pose smågodt (jaaaa, eg SKAL skjerpe meg. På mandag.) medan Bruno kravla rundt i stringtruse og fekk bleika anusen sin, gjekk me opp til Åshild, varma pizza og prata alt for lenge.
Me skulle nemleg opp før 6 for å ta båten til Stavanger.
Kom oss utruleg nok opp i tide, etter berre 4-5 timars svevn, og fekk forflytta oss ned til kaien ved hjelp av sykkelen til Åshild sin mamma. To stk på ein sykkel er nesten alltid like gøy:) til og med i regnet.

Båten gjekk 6:55, og etter ein halvtime hoppa Hallvard på då me var på Sand.
Vel framme i Stavanger stakk me innom 7/11 for å kjøpe frokost. Tilfeldigvis var det ein utruleg fet fyr i kassen som introduserte oss for det som til no har delt førsteplass hos meg for Verdas Beste Iskrem:
Ben & Jerry.
60 kr pr 500 ml.
Tru meg, fullstendig verdt det.


Me(Hallvard) kjøpte to til å ha på båten heim. Må prøvast. Makan, så godt!
Og så er det jo så koseleg med Fairtradeprodukt, og det er økologisk og alt. Så kan ete det med godt samvit! Bortsett frå antal kalorier.

Me spaserte rundt i gatene, og fann politiske stands på torget. Interessant. Og ganske morsomt, spesielt på høgresida.

Herleg dialog:
Høgre-mann: -Hei! Vil de lese litt meir om kva me vil?
Hallvard: -Er du heilt rar eller?!
Høgre-mann: -Eehh, du skal få lov til å meine nett det du vil..
Hallvard: -Ja, det skal jammen du og!

Eheheh.
Julie: - Dersom eg er ein person med forhaldsvis låg inntekt og formue, kan du då gi meg éin grunn til å stemme Høgre?

Mannen prata og prata i tjue minutt, og kom aldri med eit svar. Fortalde masse om alt det gode som kunne gjerast, men noko svar på spørsmålet vågde han seg ikkje inn på.
Han meinte at me kunne få det svært bra i Rogaland, og at det ville dei jobba for. Eg sa at det er jo ikkje vits å ha det bra her dersom det er hungersnaud i Hordaland.
"Du er visst ein ekte sosialist du. Skriv deg opp på lista om to år. hehe.."
Og så kom me ikkje lenger.
Julie 1-0 Høgre.

Slo av ein prat med Ap og Sv og, så klabert.
Hallgeir Langeland gav Hallvard ein fancy button - "For bedre sex og lyntog", og meg ein fancy SV-paraply:D

Ellers var det mykje shopping. Har brukt masse penger (overraskande lite på klær i forhald til mengda (takk til herlege salgstider) og overraskande mykje på skjønhetsprodukt(det er dyrt å være pen)...), og har kjøpt Palestina-skjeft (kall meg mainstream eller Helge Ombo-kopi, eg vil ha det) og nye sko.

Kjøpte og ein evt kjole til bryllaupet til søster mi, til skremmande 49,- på tilbud! Og er rett og slett kjempesøt. Skal dog vurderast om han er bryllaupsaktig nok til bruk på den store dagen.

Me gjekk rundt og vassa i regnet, og Hallvard fekk etterkvart ganske longe armar antar eg. Stakkaren berte rundt på alle posane våre. Jaja, han ville sjølv, sa han.
Åshild fekk oss med på "Potetbaker'n", og me åt taco-potet. Så fekk eg prøvd det og.

Traff Magnus frå SU på båten, og han fortalde masse interessant om sitt opphald i Bolivia med Latin-Amerikagruppene.

Reiselysta nappar i hjarterota når eg høyrar slikt.
Framande land, andre menneske, anna klima, annleis mat, annleis tradisjonar. Det er så mykje der ute!
Og så altfor kort tid.
Må legge opp eit stramt program for framtida mi om ikkje så altfor lenge.

I mellomtida får eg prøve å forberede meg mentalt til å møte den norske skuledagen igjen etter eit år utan.
Og nyte den vestnorske naturen, fjella, fossane og alt det fine me har. Og prøve å gjere det beste ut av regnvêret.
Tenk så heldige me er då! Det finst ingen land i verda som kan skryte på seg uavbrutt regn i over to månadar.

I størsteparten av Afrika er det slik Himmelen må vere framstilt.


Å Vestland, Vestland når eg ser deg slik
Med fagre fjell og fjord og tronge vik.
Det stig i all sin venleik stort og vilt
Og atter møter meg so mjukt og mildt.

Og gleda strøymer i meg still og stor
med glans av bjørkeli og blåe fjord
Og i meg sjølv eg kjenner dypter av
den stille skogen og det store hav.






















Min lette båt ein solblank kveld eg ror,
sjå fjell og himmel sym på stille fjord
og djupe dalen med sitt grøne fang,
som skin av lauv og blom frå li og vang.


Sjå skuggane som kliv dei kvasse fjell
lik dagsens timar tøyer seg mot kveld
Det sveiper seg om tind og tronge dal
eit draumeslør av sommarnatti sval







...Men for min del kan eg godt dele litt med meg med tanke på nedbørsmengder.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar