fredag 24. september 2010

Toscana

Så blå var aldri himmelen...

For to og ei halv veke sidan tok eg avksjed med det då nokså keisame livet mitt i Sauda og vende nasen mot sør.
Tysdag 7. september fekk eg kava den monstrøst store bagen min ned til hovudvegen og steig på bussen bort frå Sauda.
Reisen til Perugia var ikkje akkurat nokon svipptur.
16 timar venting i Stansted er litt i overkant, med tanke på at den flyplassen berre er ein svær, firkanta hall utan noko særleg å gjere eller sjå på, men som allikevel er for vaken til å la deg få sove skikkeleg.
Heldigvis møtte eg Leila, ei dame i sekstiåra som viste seg å vere fullstendig sprø og svært underhaldande, og me brukte natta på å klage over kor elendig RyanAir er og kor dårleg service dei tilbyr.
Nokre få høneblundar i løpet av eit døgn straffar seg til slutt, og eg hadde store problemer når det nærma seg avgang til Perugia onsdag morgon.

Innflyginga over Italia vart ein litt ubehagelig affære, ettersom kraftig turbulens som resultat av masse vind og regn, gjorde det vanskeleg å lande. Ein time ekstra i lufta og grundig sightseeing frå lufta måtte til før eg kunne gå ut av flyet og puste inn den varme, fuktige lufta frå Toscana.

I den knøttlille ventehallen i den knøttlille flyplassen i Perugia, møtte Josh meg.
Slåande kjekk australianer på 33 år som henta meg i den raude jobb-pick-upen sin og gav meg ein munter time på italiensk landeveg før me kom fram til Ca di Lazzaro midt på ein bakkeskråning utanfor landsbyen Monterchi.

Nydeleg, gammalt steinhus på kjempesvær tomt, med basseng, terrasse med utsikt over skogkledde skråningar og beite med dverggeiter og ponny bak huset.

Då eg kom fram møtte eg
Virginia, 45, som har vore sambuaren til Josh i 7 år og har to barn med han. Ho er britisk og held seg godt til den alderen. Bruker dagane sine på å passe på ungane og køyre dei til og frå barnehagen og passe dyra.
Jacob, 4, skjønn gut med forkjærlighet for froskejakt i utløpa frå bassenget - og då særleg klokka 7 om morgonen når eg helst vil sove - og krutt i blodet, som ikkje har noko imot å spurte rundt huset 50 gangar. Og så ein gong til.
Tabitha, 2, lita, blond engel, i allefall ved første augekast. Nydeleg jente som kan smelte ein stein og alltid går og passar på alle "babyane" sine. Veit kva ho vil og sett i å hylskrike om ho ikkje får det slik.
Nik, 25, frå Australia som var der som helpx-er slik som eg dei første dagane. Herleg fyr som har reist rundt åleine i Europa i 9 mnd med berre ein liten ryggsekk.
Reto, 30, frå Sveits. Bestekompisen til Josh og har jobba i lag med han sidan mai med trepleie. Har egenhendig bygt eit hus på hjul og skal bruke dei neste 5 åra til å reise rundt i verda i trucken sin. Kan til tider ha ein litt vel pervers tankegang, men er ein alletiders fyr og min beste venn her så langt.
Lenny, 5, hunden til Reto. Verdens nydeligaste, som eg forelska meg i straks og saknar fælt. Utruleg klok og veloppdratt og alltid i godt humør, stort sett. Det vart mange turar for oss, og me vart bestevenner.
Pepper, shetlandsponnyen Jacob plar ri på. Virginia var ein god ryttar og gjer alt for å sikre seg at borna vert det same.
Millie og Mollie, to skremmande dumme dverggeiter som et alt og fiser overraskande mykje.
Rosie, hunden til Josh. Søt, litt forsømt tispe som er kjempegod venn med Lenny, men ofte vert oversett pga sjarmen hans.

Desse budde eg i lag med i presis to veker (forutan Nik, som reiste til Hellas etter tre dagar), på godt og vondt. Huset ligg svært isolert, noko som gjorde at eg berre var der, òg når eg hadde fri, og ein kan fort gå litt lei folk i lengda. Men det har vore koseleg. Ein lærer mykje av å sjå korleis andre lever. Eg veit iallfall at eg aldri skal få så bortskjemde ungar.

Landskapet rundt var nydeleg. Uansett kor eg vende blikket, såg det ut som eit postkort. Gjekk dagleg tur med hundane og Reto og lot roen skylle over meg.
Livet i Toscana er balsam for ei stressa sjel.
Å berre gå opp til bakkentoppen og sjå ut over grønne bakkar, gule og brune solsikkeenger, sølvfarga dottar av oliventre og frodige, grøne vinrankar - og trekke inn lukta av sol og gras. Det er noko ein burde kunne gjere kvar dag.
Kvardagslege små problem forduftar i det varme lufta og du kjenner deg lett og fri og berre glad for å vere til.

Etter fjorten dagar med barnepassing, fjerning av eføy, gjeting av dverggeiter, rydding og fuging av fliser utanfor, pakka eg den klumpete bagen min og satte meg i bilen i lag med Reto som tok meg til busstoppen.
Sjølv om eg var glad for å dra og sjå noko anna og møte andre folk, var det ikkje berre berre. Jacob ville helst ikkje sleppe meg då han skulle gi meg hadet-klem, og det med klump i halsen eg tok avskjed meg Reto før eg gjekk på bussen til Arezzo.

Halvannan time seinare gjekk eg ut i solsteiken på Piazza della Santa Maria Novella i Firenze.
Klokka ti var det allereie for varmt å dra ein 16kg bag på ryggen i eit kvarter, så eg var god og sveitt då eg kom fram til hostellet David Inn, to minutter frå domkyrkja Santa Maria del Fiore.

Eg fekk traska føtene såre den første dagen i Toscana sin hovudstad. Først 460-og-noko trappetrin opp i kuppelen i Santa Maria del Fiore, med utsikt over raude hustak i formiddagssola, og deretter utforsking der eg prøvde å unngå dei enorme massane av turistar (hovudsakleg amerikanske og japanske) som enno er å finne her, trass i at det snart er oktober.
Arno vart kryssa, Ponte Vecchio passert, is ete framfor Palazzo Pitti og Leonardo da Vinci sine genistreker beundra på museum.
Eg var ute for å ete om kvelden, og spaserte litt rundt, og har no lært at for ein italienar betyr "Greit, eg kan godt rusle bort dit med deg" det same som "Ja, eg har lyst å råkline med deg".
Brukte halve natta på å overbevise først ein og så ein annan om at sjølv om han synest eg er det vakraste nokosinne, betyr det ikkje at eg har lyst å bli kyssa og klådd på.
Heldigvis er eg ikkje sjenert.

Stod opp fire timar seinare med svært vonde føter (høghælte sko er ikkje å anbefale om du har tenkt å gå rundt i 5-6 timar), litt svimmelt hovud og lite lyst til å vakne, for å gå på kunstgalleri.
Eg må seie at eg imponerte meg sjølv der.
Hadde billett til Uffizi-galleriet klokka 8:30 og tok følgje bort med Jakub frå Polen som eg møtte på hostellet. Eg mista han i køen, men det er nok like greitt, sidan han er kunststudent og sikkert ville brukt tid på å studere teknikkar og lysbruk osv på kvart bilete.
På eigen hand greidde eg å ploge meg gjennom italias største kunstsamling på om lag ein time og ti minutt, og eg fekk i tillegg med meg alt eg greidde å finne. Må seie eg er imponert.

Møtte Joost, hollender frå hostellet, og far hans utanfor Santa Croce-kyrkja, og brukte resten av formiddagen i lag med dei inne i den storslagne kyrkja og monasteriet som høyrer til.
Etter ein god lur på hostellet vandra eg ut att og gjorde mitt første innkjøp til no utanom mat,billetter og is, i form av nye sandaler og solbriller (som eg la att i Ca di Lazzaro), og fann eit museum om massemorderar. Skremmande og interessant.
No sit eg i det koselege hostellet og har skypa litt og chatta litt og har det eigentleg ganske okay.

I morgon tidleg ber det avgarde til Venezia og min gode ven Caterina Simoni som eg møtte i Estland. Eg gler meg til å ha nokon å prate med som kjenner meg frå før.
Og å ha lokal turistguide og overnatting.

På tide å få blund på auga. Er heilt utkøyrd.

Buona notte!

mandag 6. september 2010

På eigne bein



No sit eg på senga i eit uvanleg ryddig rom i Grønsdal.
Livet mitt dei neste fire månadene er enno ukjent, og basert på det eg har fått plass til i ein 90 liters Helly Hansen-bag og flybillett Haugesund-Stansted, Stansted-Perugia.

Eg liker det.

Uvissa, spenninga.
Nervene har enno ikkje teke overhand, og eg kjenner meg ganske nøytral og roleg, men eg veit at i morgon er det stor fare for nervøse rykningar og brekningsfornemmelse når eg sit på flybussen til Karmøy lufthamn.

Etter å ha vore på farten i fem dagar utan altfor mykje søvn og kvile, kjenner eg det skal bli godt å få litt orden på ting. Eg er i grunn lei av å leve i ein bag allereie, men eg kan like godt innstille meg på eit par månadar til på den måten.

08.40 i morgon tek eg bussen frå Sauda til Haugesund. Flybuss til Karmøy, og fly til Stansted, London klokka 14.05.
Stansted skal vere venen min i nesten eit døgn. Det kan verte interessant. Vonar me får eit godt forhald, og at benkane ikkje er for harde til å gi meg litt nattesøvn.
Onsdag 8. september lettar eg frå britisk jord klokka 07.30, og stig forhåpentlegvis ut i varm, toscansk middagssol på flyplassen i Perugia tre og ein halv time seinare.

Bella Italia. Me kjem nok til å trivest i lag.

Dei første vekene skal eg bu hjå ein familie på fire på ein gamal gard midt mellom Arezzo og Sansepolcro.
Dei har ein ponny, to dverggeiter og to kattar, og masse hagearbeid som skal gjerast i tillegg til innandørs husarbeid og småungar å passe.

Det vesle eg har høyrd frå dei verkar lovande, og kjenner eg meg sjølv rett, kjem eg til å ha ganske mykje i mot å skifte plass.
Gamalt steinhus midt i bakkane i Toscana. Dverggeiter. Druer. Heimelaga vin. Oliven. Italiensk mat. Paradis, eg kjem snart!


Livet i sola med hyggelege menneske, vakker natur, interessant historie og kultur, utsøkt kjøkken og det vakraste språket eg veit kan neppe vere verre enn å gå rundt i ei regnfull vestlandsbygd når alle dei jamnaldrande har flytta til universitet eller folkehøgskule og vente på at noko skal hende.

Dette er fyrste gongen eg verkeleg er ute på eigne bein. Ingen fast organisasjon som har ansvaret for meg, men likeeins heller ingen reglar. Ingen foreldre eller familie, ingen andre å ha ansvar overfor. Ikkje ein gong min trofaste følgjesvenn MacBook skal vere med.
No er det berre meg. Heilt åleine.
Niste i sekken og den støvete landevegen framfor meg.
Det er det som er fridom.


Vegen går så støtt og visst
frå døra ut i ukjent land.
No er han fallen vid til sist
og eg lyt fylgje om eg kan,
og trø han lettleg trinn for trinn
til vegen når ein større veg
der mange stigar møter hin,
og kor helst då veit ikkje eg.

-Bilbo Lommelun

Ny start

mandag 24. mai 2010

Melankoli

Tida er min verste fiende, har eg funne ut.

Eg vil vere 16 år for alltid, og no nærmar eg meg styggeleg 20 og det seriøse liv. Ungdomsskulen var ein av dei beste periodane i mitt liv, med berre fjasing og tøysing med Linda, muntre stundar med lite arbeid, og likevel karakterar øvst på skalaen. Makan.
"Alt var mykje betre før" burde vere slagordet mitt. Sjølv om det eigentleg ikkje alltid er sant.

Tida er det som tek vekk det gode frå meg. Eg vil ikkje ha gode minner, eg vil vere i dei gode minnene og vere lukkeleg!

Eg skal finne opp ei tidsmaskin og stanse tida medan eg enno er ung og har energi og livsmot til å gjere alt og prøve alt.

Ting eg gjerne skulle ha gjort om:
*Ungdomsskulen i lag med Linda
*Første klasse VGS
*Sumaren '06
*første halvår i Portugal
*Russefeiring

Eg er ikkje klår for å slutte på skulen endå. Tenk, den har vore det viktigaste i livet mitt sidan eg var 6 år gamal. No er det tre små veker att, og så er det slutt. Ikkje fleire keisame timar, ikkje fleire morosame lærarar, ikkje dei same folka kvar morgon. Trur skulen er det mest sosiale eg noko gong kjem til å oppleve.
Kvifor er livet lagt an slik? Me startar med det beste og så går det nedover. Det burde ikkje vere slik. Tenk, slutte med familie og ungar og eige hus.... æsj. (=

Kanskje eg burde følgje Ingrid sitt råd om å farge håret svart for å matche emoen inni meg.
haha:)
Eg er tross alt kreps. Månen gjer meg emosjonell.

Men, fokus på positive ting framover:

*ferdig med eksamen -skal bli aldeles herleg å sleppe å tenkje på skulearbeid
*
Avslutningsfest - god stund saman med gode menneske (sjølv om det nok ver litt grining óg)
*
Ferie! -kos, sol, grilling, venner, bading, fotball
*
Estland!:D
*Besøke Hanna! -tenk, det er nesten eit heilt år sidan eg såg henne sist! Sjukt!
*Reise frå Sauda - Sjølv om eg er så glad i denne vesle vestlandsbygda, skal det verte godt å få strekt vengene og sjå noko nytt. Nye stadar, nye folk, nye opplevingar!:)

Det som er spanande er kor eg endar opp henne. Det er ein ganske sjuk tanke, men eg har ikkje aning på kor eg er om fire månadar. Eg likar det eigentleg:) Spenning.
Kven veit? Italia, Costa Rica, Fiji...
Oppmuntrande tankar:)




















Verkar opplivande å tenkje på:) Vandre rundt i vasskanten og høyre papegøyeskrik...


Forresten, eg har funne ut at eg har nokre nydelege vener=)

tirsdag 5. januar 2010

Nytt år!

..nye moglegdomar. No igjen?

Juleferien er overstått, og eg vart brutalt kasta inn i eit nytt tiår, som sikkert vil vere det mest avgjerande i mitt liv.
Det er litt skummelt å tenkje på.
2009 er det året eg vart vaksen, på alle måtar. Eg har lært utruleg mykje av mitt opphald i sør, og av å kome heim og sjå korleis folk har endra seg - og ikkje endra seg.

2009 oppsummert i høgdepunkt:

*Nyttårsafta i Lisboa
*Karneval i Sesimbra
*besøk i Portugal i løpet av våren
*Strand, sol og saltvatn
*Sterke venskapsband
*AFS-leirar
*Porto-tur til Hanna
*Heimturen
*Å kome heim til Sauda i full somar
*SU-leir på Risøya
*Byrje på norsk skule att
*Gå på norsk skule
*Norsk mat
*Flotte menneske
*Min søsters flotte bryllaup
*Kanotur med klassen
*Tur til Trondheim i haustferien
*Russekro
*Oppstart av Indre Ryfylke Sosialistisk Ungdom
*Klimamarsj i København
*Adventstid
*Jul slik ho skal vere!


Alt i alt er eg svært nøgd!
Det har sannsynlegvis vore det vanskelegaste året for meg kjenslemessig, men ein får ta det gode med det vonde, og få det beste ut av alt. Det er tross alt dei gode tinga ein hugsar på.

2010 vil vere eit skjebnesvangert år.

-Eg vil få lappen (med mindre eg vert så nervevrak at eg ikkje greier å bestå nokon gong..)
-Eg skal vere russ!
-Eg skal avslutte 13 års skulegang
-Eg skal flytte frå Sauda.


Det er både godt og vondt å tenkje på.
Mykje vondt, men likevel spanande i tillegg.

Men pytt, den tid, den sorg. Fram til eksamen skal eg berre jobbe med skulearbeid, og sikte mot toppkarakter i alle fag (me får sjå korleis det går til slutt). Ellers skal eg byrje å trene att, og få att litt av den gamle formen frå storhetstida mi. Stram og fin til somaren.

Kan elles rapportere om at no er det over to veker sidan kvikksølvet krøyp opp over 0-punktet på termometeret. Det er litt ekstremt, sjølv til Noreg å vere. Mao, nett slik dei nede i sør trur det er året rundt her.
Isbjørnar i gatene og midnattssol.






















Men eg skal samle krefter til biologitentamen i morgon, deretter songtime, jobb til halv 8, og så heim for å lese til engelsktentamen på torsdag. Skulearbeid, eg har sakna deg.

GODT NYTT ÅR!