fredag 28. august 2009

Lærte me ingenting for 70 år sidan?

Eg kom over ein artikkel på dagbladet.no.

Representanten frå Norgespatriotene fekk kutt i panna etter å ha fått ein gjenstand kasta mot seg. Svært useriøst av angriparane, tenkte eg først. Deretter tok eg ein titt på heimesida til desse såkalla "Norgespatriotene".

Eg vart overraska over at dei i det heile tatt får støtte nok til å samle seg i fylkeslag. Det er snakk om "Norge for etniske nordmenn" og nulltoleranse for islam.

Partiprogram:

Spesielt kritisk er vi til den muslimske innvandringen. Vi anerkjenner ikke islam som religion, men ser på islam som en politisk ideologi som har som uttalt formål å få verdensherredømme. Islam er Europas farligste fiende. NorgesPatriotene vil imidlertid understreke at vi respekterer islam i andre deler av verden. Men her i Europa er islam uforenlige med våre verdier, skikker og kulturarv. Vi har derfor nulltoleranse for islam i Europa og vil gjøre det vi kan for å hindre islams vekst i Norge samt gjøre det vi kan for å legge ned samtlige moskeer i Norge.

Byttar ein ut "islam" med "jødedom" kunne det like godt ha vore frå Nationalsozialistische Deutsche Arbeiterpartei.

Lærar folk aldri? Det var slik 2. verdskrig starta. Nokre ekstremistar som ville renske landet sitt for eit anna folkeslag. Det kosta til saman 60 000 000 menneskeliv.

Sjølv samanliknar dei islam med nazismen, og anklagar desse for å vere den store, stygge ulven. Slik eg forstår det, er moralen "utrydd muslimar, for dei er som nazistane under 2. verdskrig".

Dødsstraff for drap er jo deilig dobbelmoralsk.

FrP vert jo reine sosialistane i forhald til. Dei får óg gjennomgå pga landssvik, og fordi dei offentleg har uttalt at dei har fleire muslimske tilhengjerar.

At det fins slike menneske i dagens samfunn, skremmar meg. Eg skjemmast over å vere ein del av "folkeslaget" til desse motbydelege menneska.

"ALLTID LA DETTE STED VÆRE ET ROP AV FORTVILELSE OG ET VARSEL TIL MENNESKEHETEN... "

Det nytter ikkje. Det er allereie gløymd.
Mennesket må vere den eine dyrearten som ikkje lærar av sine eigne feil.


onsdag 26. august 2009

Lesarinnlegg i lokalavisa Ryfylke

FOLK FLEST

... bur i Kina.

Dei borgarlege partia med Framstegspartiet i spissen kravlar oppatt på meiningsmålingane for regjeringsvalet 14. september.
Målet er å privatisere, og å opne for den frie marknaden, slik at kvar er "si eiga lukkes smed", fjerne avgifter og skattar, gjere at folk sjølv skal bestemme over sin eigen arbeidsdag, og sjølvsagt sette ned prisane på alkohol - og opp med fartsgrensene.
Det høyrest jo både vakkert og godt ut, inga tvil om det, men ein må berre spørje seg sjølv: "Ser folk ikkje diskrimineringa som vert utført?"
Og som vil auke krafteg dersom dei blå vinn valet. Med hyggjelege skilt med "Folk flest" printa i glitrande blå skrift, går dei rundt og lokkar med skattefri kvardag og minska innvandrarstraum, og prøver å få folk til å kjenne seg som ein av dei - desse smilande, hyggjelege menneska som er bland dei rikaste i landet. Kven vil ikkje leke med dei store gutane på leikeplassen?
Det er først når ein grev djupare, og tenkjer seg om, ein ser kor stor urett dei borgarlege står for.
For å starte med noko enkelt; på FrP si heimeside står det som éin av 25 grunnar til å stemme FrP: "Offentliggjøre resultatene i norsk skole, og gi den enkelte elev frihet ved valg av skole."
Kva hende med alle aksjonane mot mobbing? Eg har personleg vore på skule der karakterane vart lest opp i klassen. OK for dei som gjer det bra, men du skal vere svært tøff for å takle å ha dårleg karakter i ein slik situasjon. Men det er nettopp det, dei beste skal trekkast fram. Det skal tilretteleggast for dei flinkaste på skulen, for dei rikaste bedriftane med størst moglegdom til å klare seg med marknadsøkonomi.
Kva hende med fellesskapen? "Plass til alle"? Arbeidarrørsla som kjempa fram like rettar for óg dei som er lågare nede på rangstiga. Var det alt forgjeves? Hadde dei borgarlege vunne kampen då, hadde det vore direktøren på smelteverket som bestemde, ikkje folket. Kva hender i Noreg? Ein freistast til å undre på om me har det for godt. Egoismen har teke overhand. "Berre eg har det fint, bryr det ikkje meg." Dei blå partia vil fremme dei som alt har det fint. Klart det er økonomisk lønsamt for dei som sit på toppen, men kva med dei som jobbar som vaskehjelp på skulen? Kva med den guten i klassen som alltid har hatt problemer med bokstavar, men er knakande god til å mekke bil? Kva med tanta di som etter ei bilulukke fekk traumer og ikkje greier gå på jobb. Eller den kjekke karen i kebabsjappa som har foreldre som i frykt for livet til familien flykta til eit land der det ikkje kviner i bomber rundt øyrene på ein. Eller den lamme nevøen som alltid er så blid, men sit lenkja til rullestolen.
Alle kjenner dei, dei er ein del av kvardagen vår. Dei blå partia vil svekke arbeidarorganisasjonar som LO. Kvifor? Fordi det neppe er lønsomt å ha arbeidarar med drittjobbar som stiller krav. Spør Rimi-Hagen om han likar at arbeidarane kjempar for rettane sine.
Innstraming av innvandringspolitikken står óg høgt på lista. Det bør ikkje gå føre seg ukontrollert, men å nekte så mange som verkeleg treng det, hjelp, og t.d. nekte ikkje-vestlege innvandrarar barnetrygd, og få dei til å sverge truskapseid til landet vårt, det er vel å dra det litt for langt i rasediskriminerande retning. Truskapseid? Har nordmenn nokon gong sverga truskapseid for å få lov å bu i landet? Dei fleste flyktningar (eg bruker dette ordet, då "innvandrar" óg gjeld dei vestlege, som er meir enn velkomne) vil nok ikkje vere her ein gong - eit kaldt, mørkt og lite velkomande land langt borte frå alt dei kjenner, men har flykta for å bergje livet til seg og sine.
Folk har endra haldning. Det ser me gong på gong hos dei som får det betre enn godt er. No er "revolusjon" eit fy-ord. Det er revolusjonen som har fått rettferd i så mange land i verda i dag. Er det kanskje utan grunn at "Les Miserables" er tidenes mest spelte musikal? At Kjartan Fløgstad vart så kjend for gode bøker om arbeidarklassen sin kamp i samfunnet?
Folk som ikkje har alt, veit å kjempe for rette sakar. No, ja, kva no?
"Folk flest" var ein gong fattige og skitne, men kjempa seg framover. No sit "folk flest" i luksusvillaer og har det så godt at dei ikkje hugsar korleis var å vere den som stod med nasen pressa mot vindauget når dei rike hadde fest, utan å få vare med. Dei borgarlege har øydelagt eit fint uttrykk.
Folk flest bur i Kina. Folk flest i verda er mørkhuda. Folk flest lever i sult, krig og elendigheit. "Folk flest" finst ikkje! Me har "me og dei", og me har "oss". Velg sjølv.
"Saman er vi sterkere" sa dei før i tida.

Ein ihuga Høgre-politikar sa meg ein gong på politisk stand at "det finst skilnadar ein aldri vil kunne rette opp". Det sa dei óg om dei afrikanske slavane. Barack Obama vart president. Løysinga er ikkje å la vær å kjempa fordi vegen er lang.

Eg vil skjemmast av å bu i eit samfunn der det ikkje er plass til alle.


"En skal ikke tåle så inderlig vel
den urett som ikke rammer en selv."
-Arnulf Øverland

mandag 17. august 2009

Random pictures

Svært random innlegg.

Første skuledag! Fantastisk:)
Guuud, kor eg har sakna norsk skule. Rettelse, den gode skulen i indre Ryfylke! Iiiih, kjærleik<3














Hahaha:D Sweet:)




Sterk og effektiv kampanje!
Aldri aldri aldri mobil i bilen.


VAkkert.




Herleg underhaldning med bl.a. dette:

Sosialistisk ungdom

  • tror på demokratiet i SUs kraft til å forandre verden - i en eller annen retning.
  • Sender alle sine søte partijenter på selvforsvarkurs til stor fortvilelse for borgelige gutter.
  • er imot frihet med mindre det kan løses med selvforsvarkurs.
  • synes kapitalisme suger.
  • er tilhengere av Josef Stalin fordi han er mye tøffere enn Bondevik.
  • tror på rettferdighet for de som har selvforsvarskurs.
  • mener at Staten skal styre livet ditt, med mindre du har blått belte i selvforsvar.
  • er i mot oljeboring fordi det skaper mange arbeidsledige selvforsvarere.
  • er tilhengere av Sovjetunionen, de har bare ikke fått med seg dens undergang.
  • mener sosialisme er det beste for en bærekraftig utvikling.
  • er opptatt av at barn og ungdom skal ha det bra.
  • vil kjempe for maktmissbrukere.
  • er ikke tilhengere av USA, de er dumme mennesker!!!
  • er for at folk skal få bestemme over egen arbeidsplass - så lenge dette ikke bryter med noen av de andre punktene. f eks1,2,3,4,5...
  • for selvbestemt abort, fordi de mener babyer først og fremst er en parasitt som lever inne i moren.
  • synes det var tullete av unge høyre å foreslå hitler til nobels fredspris på 1930-tallet, Lenin burde mye heller fått den!

og mye mye mer bra


og

Fremskrittspartiet (FrP), populært kalt tilbakestegspartiet, er en folkebevegelse som har som mål å først ta et skritt frem, for deretter kunne ta to skritt tilbake. (avledet av Stalins kjente sitat) For øvrig er det en stor skam at partiet finnes. De vil ha mere penger til politi Samtidig vil de ha friere flyt av alkohol. Ellers er de livredde for utlendinger, og liker ikke kebab eller nan-brød. Derfor vil de ha utlendinger ut av landet. Dessuten er de uendelig snille og velmenende. De er ikke forståsegpåere, men de forstår seg godt på "folk flest".



tralala

lørdag 15. august 2009

Vestlandet - Vilt, vakkert og VÅTT

"Filmen byrjar 20.45" sa Åshild. Ok, møtast 20.15, føreslår eg.
"Kvart på 8" seier ho.
Me møttest kvart på 8, og det var først etter ti minutt at ho kom på at ho eigentleg hadde meint kvart OVER. "Kvifor sa du ikkje noko om det?" Sei det.. Eg er berre uskuldeg naiv og reknar med folk har ei god meining med alt. Ikkje snakk om mistru her i huset.
Me skulle sjå "Bruno" på kino (klokka 20.45), og eg hadde forventningane i bånn for ikkje få nok ein skuffelse slik som "Borat" var.

Surprise! Eg lo meg gjennom filmen. Fantastisk. Eg var nesten innstilla på verre, så eg greidde å sjå det humoristiske i galskapen.
Sasha Baron Cohen er den modigaste mannen eg har høyrd om. Drit i fjellklatrerar og krokodillejegerar. Finn ein som tør seie til leiaren av ei stor ekstremistgruppe (Al Aqsa - såkalla terroristgruppe) at forbildet og helten deira, Osama bin Laden ser ut som ein sketen julenisse.
Hatten av for den.
Eg skrattlo meg gjennom mesteparten. Det er langt over streken, men ta det med eit smil, så får du god underhaldning.

Dog er det óg grunnar til deprimerande tankar. Alt mr Cohen gjer VEIT eg er berre for tull og for å provosere, men dei folka han pratar med skremmar meg. Ei mor som går med på å sende ei 3-4 årig dotter til fettsuging for å få jentungen med i ein reklamefilm, såkalla "Gay converters" som trur dei greier å kurere denne fælskapen med Jesus-preik, og sinnssjuke Arkansas-bønder som står og skrik "Kill that faggot!".
Det skremmar meg. Verkeleg.

Cohen skal eigentleg berre få ros for å få fram den sanne haldninga til mange amerikanerar, sjølv om det kanskje er ein ganske ekstrem måte å gjere det på.

Gårsdagens oppleving mao. Etter å ha fortært ein svær pose smågodt (jaaaa, eg SKAL skjerpe meg. På mandag.) medan Bruno kravla rundt i stringtruse og fekk bleika anusen sin, gjekk me opp til Åshild, varma pizza og prata alt for lenge.
Me skulle nemleg opp før 6 for å ta båten til Stavanger.
Kom oss utruleg nok opp i tide, etter berre 4-5 timars svevn, og fekk forflytta oss ned til kaien ved hjelp av sykkelen til Åshild sin mamma. To stk på ein sykkel er nesten alltid like gøy:) til og med i regnet.

Båten gjekk 6:55, og etter ein halvtime hoppa Hallvard på då me var på Sand.
Vel framme i Stavanger stakk me innom 7/11 for å kjøpe frokost. Tilfeldigvis var det ein utruleg fet fyr i kassen som introduserte oss for det som til no har delt førsteplass hos meg for Verdas Beste Iskrem:
Ben & Jerry.
60 kr pr 500 ml.
Tru meg, fullstendig verdt det.


Me(Hallvard) kjøpte to til å ha på båten heim. Må prøvast. Makan, så godt!
Og så er det jo så koseleg med Fairtradeprodukt, og det er økologisk og alt. Så kan ete det med godt samvit! Bortsett frå antal kalorier.

Me spaserte rundt i gatene, og fann politiske stands på torget. Interessant. Og ganske morsomt, spesielt på høgresida.

Herleg dialog:
Høgre-mann: -Hei! Vil de lese litt meir om kva me vil?
Hallvard: -Er du heilt rar eller?!
Høgre-mann: -Eehh, du skal få lov til å meine nett det du vil..
Hallvard: -Ja, det skal jammen du og!

Eheheh.
Julie: - Dersom eg er ein person med forhaldsvis låg inntekt og formue, kan du då gi meg éin grunn til å stemme Høgre?

Mannen prata og prata i tjue minutt, og kom aldri med eit svar. Fortalde masse om alt det gode som kunne gjerast, men noko svar på spørsmålet vågde han seg ikkje inn på.
Han meinte at me kunne få det svært bra i Rogaland, og at det ville dei jobba for. Eg sa at det er jo ikkje vits å ha det bra her dersom det er hungersnaud i Hordaland.
"Du er visst ein ekte sosialist du. Skriv deg opp på lista om to år. hehe.."
Og så kom me ikkje lenger.
Julie 1-0 Høgre.

Slo av ein prat med Ap og Sv og, så klabert.
Hallgeir Langeland gav Hallvard ein fancy button - "For bedre sex og lyntog", og meg ein fancy SV-paraply:D

Ellers var det mykje shopping. Har brukt masse penger (overraskande lite på klær i forhald til mengda (takk til herlege salgstider) og overraskande mykje på skjønhetsprodukt(det er dyrt å være pen)...), og har kjøpt Palestina-skjeft (kall meg mainstream eller Helge Ombo-kopi, eg vil ha det) og nye sko.

Kjøpte og ein evt kjole til bryllaupet til søster mi, til skremmande 49,- på tilbud! Og er rett og slett kjempesøt. Skal dog vurderast om han er bryllaupsaktig nok til bruk på den store dagen.

Me gjekk rundt og vassa i regnet, og Hallvard fekk etterkvart ganske longe armar antar eg. Stakkaren berte rundt på alle posane våre. Jaja, han ville sjølv, sa han.
Åshild fekk oss med på "Potetbaker'n", og me åt taco-potet. Så fekk eg prøvd det og.

Traff Magnus frå SU på båten, og han fortalde masse interessant om sitt opphald i Bolivia med Latin-Amerikagruppene.

Reiselysta nappar i hjarterota når eg høyrar slikt.
Framande land, andre menneske, anna klima, annleis mat, annleis tradisjonar. Det er så mykje der ute!
Og så altfor kort tid.
Må legge opp eit stramt program for framtida mi om ikkje så altfor lenge.

I mellomtida får eg prøve å forberede meg mentalt til å møte den norske skuledagen igjen etter eit år utan.
Og nyte den vestnorske naturen, fjella, fossane og alt det fine me har. Og prøve å gjere det beste ut av regnvêret.
Tenk så heldige me er då! Det finst ingen land i verda som kan skryte på seg uavbrutt regn i over to månadar.

I størsteparten av Afrika er det slik Himmelen må vere framstilt.


Å Vestland, Vestland når eg ser deg slik
Med fagre fjell og fjord og tronge vik.
Det stig i all sin venleik stort og vilt
Og atter møter meg so mjukt og mildt.

Og gleda strøymer i meg still og stor
med glans av bjørkeli og blåe fjord
Og i meg sjølv eg kjenner dypter av
den stille skogen og det store hav.






















Min lette båt ein solblank kveld eg ror,
sjå fjell og himmel sym på stille fjord
og djupe dalen med sitt grøne fang,
som skin av lauv og blom frå li og vang.


Sjå skuggane som kliv dei kvasse fjell
lik dagsens timar tøyer seg mot kveld
Det sveiper seg om tind og tronge dal
eit draumeslør av sommarnatti sval







...Men for min del kan eg godt dele litt med meg med tanke på nedbørsmengder.

onsdag 12. august 2009

Paprika

Hvid logik

De sorte skal holdes nede
så lang og længe det lykkes
på gruns af de egenskaber
man har når man undertrykkes.

Vi andre skal holde sammen
og kue de andre med vold
på grund av de andres sammenhold
imod vores sammenhold.

At bryde den logiske tryllering
med menneskets lille trik
er sort magi. At la fjendskab gro
af fjenskab er hvid logik.

Hvem man, af hud, er i farve med,
er herrefolks krav på honnør.
Hvis nogen vil agtes for dét de er,
bekender jeg deres kulør.

Lad mig gå ud på Forum Humanum,
skamfuld, besdkæmmet, beskeden,
og melde mig ud af den hvide race
og ind i menneskeheden.

-Piet Hein-

Tenk, 60 år gamalt, enkelt, og seier likevel så mykje. Dansk poesi på sitt beste.

Rasisme er så vanvittig tåpeleg. Det fins ikkje logikk i det.
I radioen i går høyrde eg at Siv Jensen hadde lagt fram forslag om å få bort alle utanlandske tiggarar. Dei norske skal få lov å fortsette medan dei som ikkje tilfeldigvis vert kvite som laken om vinteren skal jagast bort?
Islamsk Forbund er beskulda for å spre "edder og galle" og for å prøve å islamifisere landet, og ønskest fratatt statsstøtte. Kva skjer med rettferda? og mest av alt, korleis i all verda får dette partiet støtte?
Det er bra for landet, seier nokon, å få renska litt ut. Norge for nordmenn osv. Det er forsåvidt greit nok, og eg er for bevaring av norsk kultur. Som forøvrig allereie er godt og grundig øydelagd av til dømes USA. Men dette kan ikkje stå høgare enn rettferd og lysta til å hjelpe folk.
Kva gjer me den dagen det er me som treng hjelp av dei?
Kva er det å vere redd for?

Fun fact: 95% av alle valdtektar skjer i heimen.
Den vesle prosentdelen som er overfallsvaldtekt begått av menn med utanlandsk opphav er dei som kjem ut i media.
Kva er det å vere redd for?
Det er framleis mange fleir kriminelle nordmenn enn innvandrarar her i landet.



Det er større problem enn ulik utsjånad i vente der ute.
Saman er me sterkare.



Høhø, kunne nesten vere eit tørt ordspel, men paprika er strengt tatt ikkje så sterkt.



Ryfylke SUs første medieoppslag. Det er då ei byrjing(:
Det var i tillegg tema i dagens leiar i Ryfylke lokalavis papirutgåve.
PR er bra. Når skulen byrjar på mandag, set heftig propaganda inn, kjennar eg.
Dette må bli bra:)

Jobb i morgon tidleg derimot...

Natta:)

tirsdag 11. august 2009

Raudt

When you were here before,
Couldn't look you in the eye
You're just like an angel,
Your skin makes me cry

You float like a feather
In a beautiful world
I wish I was special
You're so fuckin' special

But I'm a creep,
I'm a weirdo
What the hell am I doin' here?
I don't belong here

I don't care if it hurts,
I wanna have control
I want a perfect body
I want a perfect soul

I want you to notice
when I'm not around
You're so fuckin' special
I wish I was special

But I'm a creep
I'm a weirdo
What the hell am I doin' here?
I don't belong here

"Creep" - Radiohead

Greit, litt sippete, men ein god song.

Eg var ei veke på sumarleir med Sosialistisk Ungdom. Sol, sommar og sosialisme. Feil. Storm, søle og sosialisme.

SUs sumarleir 2009 inkluderte bl.a.:

-Det blide Sørland
-Utruleg masse fete folk
-Endå fleire bra folk
-Soving i lavvu
-Dårleg vêr
-Dårlegare vêr
-Ekstremvêr
-Evakuering pga ekstremvêr
-Litt bra vêr
-Konstant fuktige klede og sovepose
-Interessante foredrag
-Oppglødande revolusjonstalar
-Møte med Kristin Halvorsen, Hallgeir Langeland og Gerd-Liv Valla
-Fascinerande høge nikotininntak (det gjaldt 95% av leirfolket, ekskludert meg)
-Nattbading
-Gode meiningar
-Masse protest
-Dissing av dei borgarlege blåe
-Bål med guitarspeling
-Allsang
-Fotballturnering
-Max 6 timars søvn, min 2 pr natt
-Bra konsert x 3!

Treng eg å nemne at det var utruleg bra?

Eg har aldri vore politisk aktiv, til tross for sterke meiningar om alt og alle, men har fonne ut at no skal det gjerast noko med det.
Eg nektar å akseptere at rike egoistar skal øydeleggje den velferdsstaten me har bygd opp. Eg er ikkje kommunist slik som nokre av dei svært ihuga ungdomane der, men så klart er eg for like rettar for alle. Det er jo logisk, og eg er sikker på at dei aller fleste som greier sjå litt lenger enn sin eigen nasetipp er for det.
Me er jo menneske alle saman.

Folk fattar berre ikkje kor farleg det vil vere å sleppe dei borgarlege til. Mange fell for propagandaen med fri flyt av alkohol og såkalla "skattelette", som for FOLK FLEST vil bety ein hundrings meir pr veke, men for finanstoppane millionar, og støttar dei pga dette, og tenkjer ikkje over at prisen for å kunne drikke seg drita for hundre kroner i stadenfor 300, er at me vil få eit land som er styrt av penger.
Dei som har penger, vil ha det bra. Dei andre, som ikkje inngår i overklassen, vil få eit helvete. Eg personleg kan ikkje seie eg ser USA som noko forbilde på nokon måte når det gjeld styresett og politikk. Nokon som har sett "Sicko" av Michael Moore?

Ein ting er sikkert; lat høyresida fjerne skatt og få tilgang til oljefondet, og etter eit år eller to vil landet vårt ligge langt frå toppen på lista over gode land å bu i.

Ryfylke SU skal stiftast, og saman skal me kjempe for rettferd, og for å behalde det arbeidarrørsla greide å få framkjempa.
Amen.



Medan me pratar arbeidsrettighetar... Eg stod i dag opp kl. 07.00, besvimelsen nær av trøyttleik, heiv meg på sykkelen og tråkka inn til jobb for å få utdelt arbeidsplanen for denne veka. "FRI" står det med feite bokstavar over heile måndagen. Er det då ein skal le eller grine? Vel og bra å få ein fridag, men dei kunne ikkje sagt ifrå på førehand?
Eg sykla heim, leste litt, før eg la meg, og vakna opp kl halv 1.

Heldigvis melde eg meg inn i LO på leiren. No skal eg kreve løn for oppmøte.

Muahah:)


Nikolai:
Den raude, femarma stjerna står som symbol på sosialisme og/eller kommunisme.
Dei fem armane kan tolkast som fingrane på arbeidaren si hand, eller som dei fem kontinenta.
Nokre meinar dei representerar dei fem sosiale gruppene som skulle føre Sovjetunionen til kommunisme: ungdomen, det militære, industriarbeidarane, jordbruksarbeidarane og intelligentsia - den utdanna delen av befolkinga.
Helsing wikipedia