No sit eg på senga i eit uvanleg ryddig rom i Grønsdal.
Livet mitt dei neste fire månadene er enno ukjent, og basert på det eg har fått plass til i ein 90 liters Helly Hansen-bag og flybillett Haugesund-Stansted, Stansted-Perugia.
Eg liker det.
Uvissa, spenninga.
Nervene har enno ikkje teke overhand, og eg kjenner meg ganske nøytral og roleg, men eg veit at i morgon er det stor fare for nervøse rykningar og brekningsfornemmelse når eg sit på flybussen til Karmøy lufthamn.
Etter å ha vore på farten i fem dagar utan altfor mykje søvn og kvile, kjenner eg det skal bli godt å få litt orden på ting. Eg er i grunn lei av å leve i ein bag allereie, men eg kan like godt innstille meg på eit par månadar til på den måten.
08.40 i morgon tek eg bussen frå Sauda til Haugesund. Flybuss til Karmøy, og fly til Stansted, London klokka 14.05.
Stansted skal vere venen min i nesten eit døgn. Det kan verte interessant. Vonar me får eit godt forhald, og at benkane ikkje er for harde til å gi meg litt nattesøvn.
Onsdag 8. september lettar eg frå britisk jord klokka 07.30, og stig forhåpentlegvis ut i varm, toscansk middagssol på flyplassen i Perugia tre og ein halv time seinare.
Bella Italia. Me kjem nok til å trivest i lag.
Dei første vekene skal eg bu hjå ein familie på fire på ein gamal gard midt mellom Arezzo og Sansepolcro.
Dei har ein ponny, to dverggeiter og to kattar, og masse hagearbeid som skal gjerast i tillegg til innandørs husarbeid og småungar å passe.
Det vesle eg har høyrd frå dei verkar lovande, og kjenner eg meg sjølv rett, kjem eg til å ha ganske mykje i mot å skifte plass.
Gamalt steinhus midt i bakkane i Toscana. Dverggeiter. Druer. Heimelaga vin. Oliven. Italiensk mat. Paradis, eg kjem snart!

Livet i sola med hyggelege menneske, vakker natur, interessant historie og kultur, utsøkt kjøkken og det vakraste språket eg veit kan neppe vere verre enn å gå rundt i ei regnfull vestlandsbygd når alle dei jamnaldrande har flytta til universitet eller folkehøgskule og vente på at noko skal hende.
Dette er fyrste gongen eg verkeleg er ute på eigne bein. Ingen fast organisasjon som har ansvaret for meg, men likeeins heller ingen reglar. Ingen foreldre eller familie, ingen andre å ha ansvar overfor. Ikkje ein gong min trofaste følgjesvenn MacBook skal vere med.
No er det berre meg. Heilt åleine.
Niste i sekken og den støvete landevegen framfor meg.
Det er det som er fridom.
Vegen går så støtt og visst
frå døra ut i ukjent land.
No er han fallen vid til sist
og eg lyt fylgje om eg kan,
og trø han lettleg trinn for trinn
til vegen når ein større veg
der mange stigar møter hin,
og kor helst då veit ikkje eg.
-Bilbo Lommelun
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar